Forsiden Aktuelt Presse Pekere Fakta Send spørsmål Nettstedskart Søk Kontakt
 
Forsvarsnett :

Innhold


Om Forsvarsnett
 



Frank Rosvoll, 2004-04-20


ABC-vern i utvikling

Personell frå ABC-vernkompaniet i 6. divisjon sin ingeniørbataljon byggjer opp kompetanse på kjemikaldykking. Det vil auke moglegheita til å verne eigne styrkar mot eksponering for kjemisk forureining.

Av Frank Rosvoll og Per Arne Juvang (foto), Forsvarets mediesenter


"CHEMICAL OLA" : Soldaten måtte hjelpast på med vernedrakta av instruktøren - ei drakt som er testa mot alle kjende kjemiske stridsmiddel.

Dei ti karane, til vanleg heimehøyrande på Maukstadmoen i indre Troms, dreg på seg plagg som skal verne mot både flammar, gass og giftige kjemikal. I ei veke har dei vore på vårlege Rygge flystasjon, kor Baseforsvarstaktisk skule har heldt innføringskurs i kjemikaldykking. Målsetjinga er at karane etter kvart skal vere kompetente til å gå inn i eit venta forureina område, til dømes eit øydelagt fabrikkanlegg, for på ein sikker måte vurdere kva trussel dette kan utgjere for eigne styrkar, eventuelt avgrense ein slik trussel. Kompetansen skal også gi høvet til å kunne handtere forureining, og til å opptre i eit meir aggressivt miljø.

Post-industrielle katastrofeområde
Slik kompetanse er ein etterspurd ressurs, noko erfaringar frå blant anna Kosovo har vist. Der blei industrianlegg attgløymt meir eller mindre til ver og vind, som følgje av krigshandlingar i området – anlegg som frå før av kunne nemnast som tikkande miljøbomber.

- Ein såg det same i Bosnia, industrianlegg prega av svært mangelfullt vedlikehald, avbrot i drift som følgje av krigen, og ”lagring” av kjemikal i det ein må karakterisere som pølar, fortel kaptein Finn Terje Olsen, sjef for ABC-vernkompaniet.
Han understrekar også at anslag mot eigen industri eller kritisk infrastruktur som petrokjemiske anlegg kan vere terrormål. Ei slik form for asymetrisk krigføring vil søkje å lamme samfunnet, og bryte ned viljesstyrke og kampevne.

Støttar sivil vernebuing

Kjemikaldykk er eit heilt nytt fag for ABC-vernfolka i 6. divisjon.
- Innføringskurset vil utgjere ein viktig del av grunnlagsarbeidet for korleis vi skal kome vidare med å tileigne oss ytterlegare kompetanse før vi kan seiast å vere fullt ut operative på feltet. Ikkje minst har vi store utfordringar på utstyrssida, seier kompanisjef Olsen.

UTFORDRINGAR: - Kompetanse på kjemikalidykking er etterspurt ressurs som vi søkjer å bygge opp, seier kompanisjef Finn Terje Olsen.

At framskaffing av nødvendig utstyr er ei utfordring vitnar utstyr som blir vist fram og demonstrert for kursdeltakarane. Vernedrakta som er testa mot alle kjende stridsmidlar kostar til dømes 18.000 pr. stykk. Om kort tid ventar eit nytt kjemikaldykkarkurs hos Tromsø brannvesen, som i likskap med fylkeskommunen er ein viktig samarbeidspartner.
- Vi byggjer opp ein kapasitet som vil vere ein del av ei vernebuing som også skal støtte det sivile samfunnet, seier Olsen.

Del av styrkjebrønnen
Den same kapasiteten skal også vere ein styrkjebrønn og ein del av rekrutteringsgrunnlaget for Forsvarets innsatsstyrkar. Fleire av dei vernepliktige soldatane på kurset uttrykte at dei såg på verving som aktuelt.
- Dei soldatane som er plukka ut til å delta på kjemikaldykkarkurset er gjennomgåande særs motiverte, noko som har vore eit av kriteria for å kome hit, fastslår kompanisjefen deira.




 

Relaterte artikler
Ingen relaterte artikler.