
|
Samla under ein nettportal
Sju forsvarsbibliotek er samla under ein felles database, bibgate.mil.no. Det skal gjere resursane biblioteka rår over meir tilgjengelege.
Av Frank Rosvoll og Per Arne Juvang (foto), Forsvarets mediesenter
EIN PORTAL: Inger Anette Stenklev seier den nye nettportalen vil gje auka moglegheiter til å nytte ressursane biblioteka i Forsvaret rår over.
Sju av dei omlag ti forsvarsbiblioteka har altså gått saman om å skipe nettportalen "bibgate.mil.no". Nettportalen har mykje til sams med den sivile og langd meir kjende bibsys-søkjaren. I likskap med bibsys kan ein også på bibbate.mil.no gjere søk ut frå kriteriar som tema, titlar og forfattar. En får ikkje sjølve boka eller teksten på bibgate.mil.no, men ein får vite kva som finst og korleis ein går fra for å tilgang til resursane.
Auka tilgjenge med bibgate
Inger Anette Stenklev er overbiblotekar og leiar for biblioteket ved Forsvarets høyskole, eit av biblioteka som tek del i samarbeidet om nettportalen. Til Forsvarsnett seier Stenklev at fleire avdelingar i Forsvaret alltid har hatt eigne bibliotek, og at dette særleg gjeld skulane. I dag finnes det omlag ti bibliotek i Forsvaret. Sju av dei har no altså gått saman om å tilby det dei rår over gjennom den nye nettportalen.
Forsvaret sine bibliotek teller snaue 200 000 bøker, ei rekke tidsskrift og ein god del multimedia så som video og DVD. Ikkje alle bøkene er blitt registrert på nettportalen.
- Hensikten med nettportalen er å bruke internett til å forenkle søk og utlån. Ein kan godt seie at eit bibliotek er i ferd med å bli meir av tenesteytar enn eit fysisk rom, seier Stenklev.
Snøggare
Hovudbiblotekaren fortel at kundane no kan forvente at tenestene kan utførast snøggare, og at ein med det nye verktyet kan tilby tenester som søk over tid, definerte søkestrengar, eller at ein følger med på om det kjem ut nye titlar knytta til ulike tema.
Primærbrukarane ved institusjonane vil vere prioritert ved utlån gjennom bibgate-portalen, men i prinsippet vil det vere ope også for det øvrige publikum. Det er FLO/IKT som driftar den nye nettportalen.
|

|