Forsiden Aktuelt Presse Pekere Fakta Send spørsmål Nettstedskart Søk Kontakt
 
Forsvarsnett :

Innhold


Om Forsvarsnett
 



Åge Andre Breivik, 2004-04-23


Populær teneste

Frå januar neste år skal Hærens hurtige reaksjonsstyrke stå klar til Nato Response Force. Utan særleg reklamering fekk dei likevel inn 500 søknadar før fristen var omme.

Av Åge Andre Breivik, Forsvarets mediesenter


SKARPE SITUASJONAR: Slik ser det ut når norske styrker trener i Afghanistan. Snart byrjar ein ny styrke si trening fram mot utanlandsoppdrag. Arkivfoto: Orlogskaptein Ola Bøe Hansen, NCC Afghanistan

2. april gjekk søknadsfristen ut for stillingane i Telemark bataljon og Nasjonalt støtteelement. Utan annan reklame enn annonser på Forsvarsnett og undersøkingar mellom folk i fyrstegongsteneste, har det kome inn over 500 søknadar på dei 100 stillingane som var utlyste. Og denne veka vart det sendt ut svar på alle søknadane.

Har eit godt rykte
Rekrutteringa til denne nye avdelinga vert altså gjort hovudsakleg frå folk som er i fyrstegongsteneste i år, og mannskap som er i Kosovo no.
- Dette tyder på at folk kjenner til Telemark bataljon og Nasjonalt Støtteelement, seier løytnant Geir Løvhaug. Han er presse- og informasjonsoffiser i Telemark bataljon, og har deltatt i denne prosessen.

Den norske styrken skal inngå i 43. mekaniserte brigade i Nato sin hurtigreaksjonsstyrke (NRF). I ein brigade på til saman 4000 soldatar vert den norske styrken ei viktig avdeling. Telemark bataljon og andre avdelinger fra Hærens hurtige reaksjonsstyrke har vore ute tidlegare og dei har eit godt rykte internasjonalt.


Løytnant Geir Løvhaug er presse- og informasjonsoffiser i Telemark bataljon, og har jobba med søknadane til NRF4. Arkivfoto: Torbjørn Kjosvold

Hektisk haust
I sommar vil det kallast inn til ein grunnperiode for styrken, og denne vil ta til i juli. Då skal ein jobbe for å samkøyre eininga, og få alle på eit likt nivå som soldatar. Deretter vert det trening med den internasjonale brigaden.

Allereie i august skal arbeidet for å få samhandlinga i brigaden ta til i Tyskland. Saman med soldatar frå mellom anna Tyskland og Nederland skal dei norske soldatane trene til dei er klare til å "rykke ut" på Nato sine ordre frå januar 2005.
- Det vert ei hektisk, men spanande haustperiode for dei norske soldatane, seier Løvhaug, som legg til at styrken skal vere i beredskap fram til sommaren 2005.

Evaluering
- Me skal ha med alt frå vognførarar til sambandssoldatar, soldatar på beredskapskontraktar og faste, fortel Løvhaug, som er tydeleg imponert over talet på søknadar dei har fått inn.

Før grunnperioden som soldatane må gjennom i sommar, skal soldatane utføre fysiske testar, ein helsesjekk og eit intervju med avdelingssjefen .

Bakgrunn Nato Response Force 4:
  • Under Nato-møtet i Praha i november 2002 vart det avgjort at ein ny styrke skulle opprettast: Nato Response Force (NRF).

  • Den nye styrken skulle vere robust, truverdig og ha høg vernebuing.

  • Hærens hurtige reaksjonsstyrke skal inngå i NRF 4.

  • NRF 4 er ein multinasjonal brigade, 43. Mechanised Brigade som består av styrker frå Danmark, Frankrike, Nederland, Norge og Tyskland.

  • Styrken vil bestå av over 4000 soldater.




  •  

    Relaterte artikler
    Ingen relaterte artikler.