Forsiden Aktuelt Presse Pekere Fakta Send spørsmål Nettstedskart Søk Kontakt
 
Forsvarsnett :

Innhold


Om Forsvarsnett
Forsvarets mediesenter
Oslo mil/Akershus
0015 Oslo

Redaktør
Ann Kristin Salbuvik
 



Åge Andre Breivik, 2004-05-04


Ny flytype demonstrert

Rundt år 2018 går dagens F-16 fly ut på dato. Då må Luftforsvaret ha eit alternativ klart, og tysdag fekk dei demonstrert kor langt Lockheed Martin er kome med sin F-35 Joint Strike Fighter.

Av Åge Andre Breivik og Magnus Iversen (foto), Forsvarets mediesenter


DEMONSTRASJON: Med tre storskjermar vart kapasitetane til F-35 Join Strike Fighter vist fram på Akershus festning tysdag.

- Det er ikkje så stor forskjell på flyginga, men å operere flyet er heilt annleis, seier oberstløytnant Lars Chr Aamodt i Luftforsvarsstaben. Han har vore i USA for å prøve ein simulator, og meiner det ikkje er store forskjellane i flygeeigenskapane.

Men når det kjem til informasjonen som vert formidla til flygaren, og måten dette skjer på er det mykje som er endra frå F-16 flyet. Mellom anna har flygarane fire panel framfor seg som gjev informasjonen dei treng under flyging.

- Flyet kan ikkje berre brukast til kamphandlingar, men også til å samle informasjon frå operasjonsområdet, seier oberst Rune Bjerkås. Han legg til at flyet er fleksibelt og kan brukast i alt frå ei mindre krisehandtering til full krig.

- I ein situasjon til dømes i Nordsjøen kan me sende desse flya ut fyrst for å få rask oversikt over kva som skjer. Joint Strike Fighter (JSF) kan verte eit supplement til til dømes AWACS-fly, men kan ikkje erstatte dei, seier Bjerkås.


I tillegg til å ha betre og fleire sensorar som kan hjelpe å hente inn informasjon, har JSF ei større rekkevidde enn F-16.
- Det er viktig å ta ei avgjerd snart for å vere klar når F-16 flya går ut på dato, seier Bjerkås (biletet). Han kan fortelje at det er fleire kandidatar som kan ta over etter dagens F-16, og at ingenting er bestemt sjølv om JSF no er i Noreg for å vise seg fram.

For i tillegg til JSF er også Eurofighter ein kandidat, og eigenskapane JSF har rundt sensorane sine er ikkje så forskjellige frå det den europeiske flytypen kan tilby. Sjølv om Bjerkås gjerne ser at det kjem ei avgjerd på dette så fort som råd, innser han at det kan ta fleire år endå før den politiske avgjerda er i boks.

Det vil verte dyrare og dyrare for Noreg å halde på F-16 flya. Etter kvart som det vert færre brukarar, vert det dyrare med oppdateringar for kvar enkelt, og dermed vil det ikkje løne seg i lengda. I tillegg må ein rekne med nye oppdrag i framtida, og det er då viktig å ha ei fleksibel plattform å byggje vidare på.

I samband med prisen på den nye investeringa har mange tal figurert i media siste tida, men Bjerkås meiner det er altfor tidleg å seie noko på kor mykje den endelege summen vil kome på.
- Tala i media er etter det eg har høyrt i dag truleg for høge, seier han etter å ha gjort eit overslag i høve til presentasjonen av JSF.

Det viktigaste for Luftforsvaret framover er å finne ei plattform som er fleksibel, i tillegg til at den må halde ei stund.
- Me må huske på at F-16 flya har vore i bruk i nesten 40 år før dei vert teke ut i 2018, så neste generasjon kampfly vil truleg måtte halde lenge, seier Bjerkås, som legg til at den lange tidshorisonten gjer at ein treng ei veldig fleksibel plattform.





 

Relaterte artikler
Ingen relaterte artikler.