
|
Landsrådet støttar HV-omstilling - på vilkår
Landsrådet for Heimevernet støttar kvalitetsreforma skissert i langtidsproposisjonen for Forsvaret, men føreset at HV mottek tilstrekkeleg løyvingar og forutsigbarheit over tid.
Av Frank Rosvoll, Forsvarets mediesenter
VIL OMSTILLE: HVs generalinspektør Bernt Brovold vil omstille, og får betinga støtte av Landsrådet for HV. Foto: Forsvarets mediesenter
I ei høyringsuttaling frå landsrådet kring stortingsproposisjonen om moderniseringa av Forsvaret får moderniseringa av HV gjennom den særskilde kvalitetsreformen støtte. Støtta er betinga, då landsrådet føreset ”tilstrekkelege løyvingar og forutsigbarheit over tid”. Spesielt nemner landsrådet trongen for at HV tilføres midler som føresatt i proposisjonen, til så vel materiellanskaffingar som til årlege kvalitativt gode øvingar slik at reformen lykkast.
Ynskjer folksomt HV
Også etableringa av en eigen innsatsstyrke er noko landsrådet ser positivt på, uten at rådet tek stilling til antallet personell som skal inngå i eininga. Rådet ynskjer eit volum på innsatsstyrken som gjer den i stand til løyse oppdrag som dreg noko ut i tid. Med hensyn til nærvær, forutset rådet at HV finnes i kvar bygd og by i kongeriket. Langtidsproposisjonen tek til orde for eit totalt volum av trente HV-soldatar på 50 000. Landsrådet tek til orde for at HV-styrken ikkje har mindre enn 70 000 utrusta soldatar. Dette strid mot tilråinga fra øvste leiar for Heimevernet, generalmajor Bernt Brovold. – Dersom dei som ynskjer eit HV fyllt opp med fleire vi ikkje treng, får vilja si, og eit HV der strukturen er låst fast i same antall distriktsstabar som før, då får vi eit heimevern kor kvaliteten og evna til å løyse oppgåvene vil bli forringa, sa Brovold i eit intervju med Forsvarsnett i februar.
Betinga ja til distriktskutt
Nå hevdar Landsrådet for Heimevernet at det stiller seg positiv til ein reduksjon også av antallet HV-distrikter. I dag er det 18 distrikt, og generalinspektør Brovold ynskjer ein struktur med seks færre. Landsrådet har igjen einskilde føresetnadar for si støtte til den delen av kvalitetsreforma. Rådet meiner nye HV-distrikt skal samsvare med sivile administrative inndelingar (fylkje/politidistrikt), at distrikta ikkje bør bli så store ”at dei går ut over rasjonell drift”, at ein reduksjon må vere operativt grunna og gje ei reell økonomisk vinst for Heimevernet, og endeleg at ein må halde på nærleiken til øvings- og skytefelt.
|

|