
|
Splittflagget til topps
I dag vart det norske splittflagget nok ein gong heist på Oscarsborg festning. Etter om lag to år utan militær kommandant, er oberstløytnant Øivind Sjuls utnemnd til stillinga.
Av Åge Andre Breivik og Magnus Iversen (foto), Forsvarets mediesenter
OVERTEK: Oberstløytnant Øivind Sjuls (t.v.) tek over som kommandant for Oscarsborg festning. Brigader Waage i Akershus kommandantskap til venstre.
Med stjerner frå alle forsvarsgreiner til stades vart det i ein kort seremoni markert at oberstløytnant Sjuls tok over som kommandant på Oscarsborg festning. Brigader Waage gav kommandoen over til Sjuls, som noko rørt lot vaktstyrken tre inn.
Redda konge og regjering
Han tok offisielt over som kommandant 1. april, men i dag vart det markert ved at splittflagget vart heist.
- Dette har ein viktig symbolverdi, seier Sjuls, som meiner at det er viktig å vise folk at Forsvaret tek vare på kulturarva.
- Me vil vise militær eigarskap og vise at me er til stades, seier oberstløytnanten som har vore i Forsvaret sidan 1974. Oscarsborg var ein viktig brikke i kampen for Noreg sin fridom i 1940, og var mellom anna med på å senke Blücher for å hindre at kongen og regjeringa vart tekne.
Svunne tider
Flagget skal no vaie frå flaggstanga kvar dag, og saluttar skal utførast i høve til reglementet kan kommandanten fortelje. Han vil vere stasjonert på festninga, saman med leiaren for Forsvarsmuseet si avdeling der.
- Det er viktig å vise at me formidlar kulturverdiane våre, seier Sjuls som har Stortinget sin stønad bak seg når det gjeld oppretthaldinga av kommandantskapet.
KJEMPEGØY: Oberstløytnanten har alltid hatt eit godt forhold til Oslofjorden, og gler seg til den nye jobben.
Den viktigaste oppgåva som Sjuls vil ha er å passe på at dei kommersielle interessene på festinga tek overhand. I Stiftelsen Oscarsborg Festning er mellom anna Norske Reserveoffiserers Forbund med, saman med ”Svunne Tider” som skal drive hotelldrifta på festninga, og Skifte Eiendom, som står som eigarar gjennom Forsvarsbygg.
Hotell og kurs
I den framtidige drifta av festninga vil det vere guida turar heile året, og båt til og frå Drøbak kvar dag. Frå 1. juni, når hotelldrifta opnar vil båten gå heile døgnet.
- Soldatar vil me rekvirere frå Akershus kommandantskap når det er naudsynt, legg kommandanten til. Han er underordna kommandanten på Akershus festning, og vil bruke vaktsoldatar derifrå ved særskilde arrangement.
- Me vil ha samarbeid med Tusenfryd, der folk kan kome hit og overnatte etter å ha vore i parken på dagtid, seier Daniel Novello Johansen. Han er koordinator som skal oversjå at alt fungerer i samarbeidet mellom Stiftelsen Oscarsborg Festning og Svunne Tider. Dei driv i tillegg til den komande hotelldrifta på festninga eit hotell i Drøbak, og skal ha ansvaret for mat og kurs i tillegg.
Stat og kommersielle interesser
- Det verkar som eit godt val av kommandant, seier Johansen, som legg til at han tykkjer seremonien i samband med innsetjinga av den nye kommandanten var veldig stas. Han skal også vere sjef for Ungdomsligaen, som vil bestå av alle ungdomane som skal ha sommarjobb på festningsområdet.
Det viktigaste argumentet for at folk skal kome til festninga meiner han er at dei kan få rekreasjon i unike omgjevnadar. I tillegg er Oscarsborg eit viktig nasjonalt kulturminne som vert teke hand om både av staten og kommersielle interesser.
På festninga sine premissar
- Det vert nok mange kjærastepar her ute etter kvart, småler Johansen, som meiner at ein date på Oscarsborg vil vere ein sikker vinnar. Stiftinga vil også byggje småbåthamn for båtfolket, og leggje opp til buss frå Drøbak til Tusenfryd i samband med samarbeidet med parken.
- Det er kjempegøy å få denne jobben, det var difor eg søkte, seier oberstløytnant Sjuls, som legg til at han søkte på denne jobben med hjartet.
- Eg tenkte nok ikkje særleg over utfordringane eg ville få, smiler kommandanten, som alltid har hatt ein forkjærleik for Oslofjorden.
VAIER I VIND: Splittflagget er nok ein gang i flaggstanga på Oscarsborg festning.
- Det vert nok ikkje paintball og klatring i veggane her nei, fastslår Sjuls, som seier at det som skal skje på festninga må vere i tråd med den utviklinga som er ynskt frå Stortinget si side.
Lunsj for dei store
Det er to år sidan sist ein kommandant hadde tilhald på Oscarsborg, og som seg hør og bør var også han til stades under seremonien i dag.
- Det er bra at ein opprettar kommandantskap her igjen, seier kommandørkaptein Gunnar S. Jensen. Han var den siste kommandanten, inntil det vart lagt ned i 2002, og meiner det er viktig å føre dei militære tradisjonane vidare.
Etter heisinga av flagget og salutt vart dei inviterte gjestane samla til lunsj inne på festninga, for å feire den nye kommandanten.
|

|