Forsiden Aktuelt Presse Pekere Fakta Send spørsmål Nettstedskart Søk Kontakt
 
Forsvarsnett :

Innhold


Om Forsvarsnett
 



Frank Rosvoll, 2004-06-02


Øvelse Nidaros er i gang

"Øvelse Nidaros" i Trondheim tok til tysdag 1. juni. Som ledd i informasjosarbeidet, fekk samtlege husstandar i Trondheim eit skriv om øvinga i posten i dag.

Av Frank Rosvoll, Forsvarets mediesenter


ANTI-TERROR: Innsats mot- terror-trugsmål er i fokus under Øvelse Nidaros. (arkivfoto: Torgeir Haugaard, FMS)

Ikkje mindre enn 80 000 øvingsavisar har Forsvaret trykka og sendt ut til innbuarane i Trondheim, Malvik og Klæbu. Dette i samband med gjennomføringa av Øvelse Nidaros som starta tysdag. I avisa får ein opplyst kva som skal skje i samband med øvinga, og kven som tek del i den.
Teknisk sett starta øvinga tysdag, og i desse dagar er dei fyste HV-soldatane i ferd med å møte opp for å trekke i uniform. I alt skal 1900 personar frå Forsvaret ta del i øvinga. Av dei kjem om lag 1500 frå Heimevernet. Eit hundretall personar frå det sivile samfunnet skal også vere med i Øvelse Nidaros, mellom anna personell frå politiet. Dei meir feltmessige øvingsaktivitetane tar til på måndag, og skal halde fram til fredag 11. juni. Dei finn stad i Trondheim by. Hensikten med øvinga er å trene i samhandling med sivil sektor for å verne samfunnet mot terrortrugsmål.

Peker til Øvelse Nidaros på Internett




 

Relaterte artikler
Ingen relaterte artikler.