
|
Pilotutdanning til diskusjon
BODØ: 13 Nato-land er med på spleiselaget rundt pilotutdanninga i USA. Denne veka er ni av dei samla i Bodø til "krisemøte". For kven skal betale for dei stadig aukande utgiftene?
Av Åge Andre Breivik, Forsvarets mediesenter og løytnant Trond Høyvik, Bodø Hovedflystasjon (foto)
NYTT FORSLAG: Den tyske delegaten til ENJJPT presenterer her sitt forslag til ny økonomiavtale.
Ved utgangen av september 2005 går den noverande avtalen i Euro Nato Joint Jet Pilot Training (ENJJPT) ut, og då må ein ny rammeavtale vere på plass. Med avtalen ein har no, er det berre dei landa som har elevar til utdanning kvart år som betaler for heile gildet.
Godkjenning i haust
På den måten kan eit land velje å stå over å sende studentar eit år der det vert oppgraderingar på utstyr, for så å kome attende seinare, og sleppe unna utgiftene som kjem i samband med desse oppgraderingane. Det er dette systemet mange av nasjonane vil til livs.
- Denne veka er på mange måtar eit "krisemøte", seier major Bente Stjernholm Dalene (biletet). Ho er Noreg sin representant i ein underkomité som tek for seg finans og juridiske spørsmål i ENJJPT, og ansvarleg for Luftforsvaret si utdanning i utlandet.
15. juli må den nye planen vere klar, og i haust skal styringskomiteen godkjenne det økonomiske programmet.
Mange skal einast
Det er komiteen for økonomiske og juridiske spørsmål som har møte denne veka. Vanlegvis er det tre møter i året for denne komiteen, men no er det altså ekstraordinært møte i Bodø.
- Veldig fint å få dei til Noreg og samstundes kunne vise medlemmene av komiteen korleis det operative miljøet våre pilotar opererer under er, seier Dalene.
Landa som er representerte i Bodø denne veka er:
Noreg, Danmark, Tyskland, Storbritannia, USA, Italia, Belgia, Nederland og Tyrkia
Medlemmane som ikkje er til stades er:
Canada, Portugal, Hellas og Spania
Kan kome til å trekkje seg
Det er tre forslag på bordet, som kommer frå frå Tyskland, Italia og USA. Av dei tretten medlemslanda er det i dag berre fem som sender studentar til Sheppard Air Force Base i Texas, der utdanninga skjer. Når det no skal nye oppgraderingar til på utstyr, er det desse fem som må betale.
Noreg er mellom landa som ikkje er samde i avtalen slik han er no, og major Dalene meiner at ein bør vurdere å trekkje seg ut dersom høva ikkje endrar seg.
Føreslår modell
- Me må prøve å unngå ”inngangspengane”, så det vert lettare for land å kunne sende studentar, meiner Rene Haargaard frå Danmark. Han er leiar for komiteen som er samla i Bodø, og skal prøve å samkøyre komiteen. Om han får gjennomslag for sine meiningar veit han ikkje.
- Me vil ikkje at byrden skal ligge på så få som den gjer no, men du må betale for det du bruker, legg Haargaard til.
LEIER DISKUSJONEN: Danske major Rene Haargaard er "chairman" i "Financial and legal sub committee" i ENJJPT.
Utfordringa for komiteen er å finne ei løysing som alle medlemslanda kan einast om, og som kan forklarast for dei som sit i styringskomiteen for pilotutdanninga. Denne veka skal ein kome fram til ein modell som kan anbefalast for komiteen.
Vil fordele byrden
I framtida vil formann Rene Haargaard ha ei betre fordeling på kven som betalar for ENJJPT, og håpet er å få klar ein slik avtale denne veka. Midt i månaden skal han sende frå seg sitt forslag, slik at alle land får sett på det før det vert nytt møte i september.
Om Noreg får det som dei vil, vert det då klart for at land ikkje kan droppe ut frå pilotutdanninga eit år for å unngå oppgraderingsutgiftene, for så å kome med igjen etterpå.
ENJJPT
- Euro Nato Joint Jet Pilot Training
- Program for grunnutdanning for pilotar i jagarfly.
- Har tretten medlemsland frå Nato.
- Fyrste avtale underskriven i 1981, fornya i 1988. Ny kjem i 2005.
- All trening føregår på Sheppard Air Force Base i Wichita Falls, Texas.
BODØ: Alle dei internasjonale delegatane til ENJJPT på brygga i Bodø.
|

|