Forsiden Aktuelt Presse Pekere Fakta Send spørsmål Nettstedskart Søk Kontakt
 
Forsvarsnett :

Innhold


Om Forsvarsnett
 



Frank Rosvoll, 2004-06-09


Øver for å bli innsatsstyrke

Soldatar trenar nett no i Trondheim for å etablere det som skal bli luftvernartilleriets bidrag til Forsvarets innsatsstyrkar. Fullt oppsatt kan FIST-L/LV stenge av luftrommet over ein by av Oslos storleik, for å motvirke lågtflygande trugsmål i form av krysserakettar og småfly.

Av Frank Rosvoll og Magnus Iversen (foto), Forsvarets mediesenter


LEIAR FIST/L/LV: Oberstløytnant Bjørn Tore Sneisen leiar arbeidet med skipe innsatsstyrken frå luftvernartilleriet.

NASAMS er eit nettverksbasert system, noko det har vore heilt sidan det kom i aktiv teneste i 1995. Det har vunne mykje anerkjennelse hjå våre allierte, og til dømes USA og Nederland er i ferd med å byggje opp likande system som i stor grad er inspirert av NASAMS, fortel oberstløytnant Bjørn Tore Sneisen, som til daglig er sjef for luftvernartilleribataljonen på Ørland. Han er også sjef for luftvernartilleriets bidrag til Forsvarets innsatsstyrker. Fra og med 1. august skal styrken kunne dra ut i internasjonale operasjonar.

NASAMS = Norwegian Advanced Surface-to-Air Missile System
.

Lokk over byen
I åsane kring den gamle stad har luftvernartilleristane rigga opp utskytingsrampar, radarar, elektrooptiske sensorar og eldleingssentra. Dei kjem frå Luftforsvarets avdelingar i Rygge, Ørland og Bodø. Hadde situasjonen vore skarp, ville eit kvart trugsmål i form av krysserrakettar eller sjølvmordspilotar i småfly blitt oppdaga og skote ned.


PRESISJON OG ELDKRAFT: NASAMS kan i teorien vere i stand til å løfte ut 54 missilar frå utskytingsrampane i systemet - samstundes.

Karane med dei lyseblå beretane har effektivt danna ein paraply over trønderhovudstaden. For første gang har Luftforsvaret stengt av luftrommet over ein heil by under ein øvelse.

- Eg er overtydd om det ikkje finns noko betre system enn NASAMS til å handsame lågtflygande trugsmål, seier oberstløytnant Sneisen.
I ein ekstrem situasjon kan NASAMS løfte 54 missilar inn i luftrommet for å avverge like mange angrep - simultant. Det utgjer eit monaleg potensial for å verge luftrommet over eit stort og tettbefolka område.

Valdsam eldkraft
Dette potensialet for å stenge av luftrommet er noko av ei norsk nisje, og er no i ferd med å verte ein av kapasitetane i Forsvarets innsatsstyrkar. Motivasjonen og innsatsviljen som ofte kjenneteiknar personellet i innsatsstyrkane, kjem godt til synes hos personellet som øver i dei sumargrønne omgjevnadane i Trondheim. Persaunet leir husar hovudkommandoplassen for FIST-L/LV, og folka som stellar med basesikring har effektivt stengt av området. Det heile verker å ha eit klart preg av profesjonalitet over seg.


MED HAUKEBLIKK PÅ LUFTROMMET: Operasjonssjef Kåre Rye og medarbeidarane i hovudkommandoplassen følger situasjonen på skjermane, trygt plassert inne i en stålkonteiner.

På nokre kollar bak luftkrigsskulen på Kuhaugen er det rigga til utskytingsrampar og eldleiingssentra. Aggregatet summar medan ein radar scannar den blå himmelen. med blikket limt til symbol og koordinatar som rørar seg på skjermen. Objekt blir sjekka ut ytterligare med elektrooptiske sensorar. To konsentrerte karar sitt inne i ein stålkonteiner,

Utanfor held vaktsoldatar med schæferhundar oppsyn. Ein plakat åtvarar mot å ta kontakt med dei ”militære tenestehundane”. Dei tre hundane er vakre å sjå på der dei sitt i det høge graset, men noko får meg til ikkje å sjå for lenge på dei. Ein er ikkje redd dei, men ein har respekt for kva dei kan gjere. Nett som missilane dei vaktar.

FAKTA OM FIST-L/LV

  • Ei eining tufta på NASAMS-konseptet (Norwegian Advanced Surface-to-Air Missile System). Det er ei sjølvstendig eining med sensorar (radar og elektrooptisk)og eldleiingssentra, og har kapasitet for å handsame opptil ni utskytingsrampar som kvar er spekka med AMRAAM-missilar (Advanced Medium-Range, Air-to-Air Missile).
  • NASAMS er eit MSAM (Medium Surface to Air) våpensystem. Systemet er nettverksbasert, modulært og fleksiblet.
  • Informasjon samla inn frå dei ulike sensorane samlast i ein felles informasjonsbase som delast av alle einingar innan systemet. Det gjer organisasjonen mindre sårbar. Eit bidrag frå NASAMS kan skreddarsys ut frå frå preferansar som type oppdrag eller trugsmål ein forhold seg til.
  • Ein styrke utgått frå NASAMS kan enkelt sagt designes etter ”legoprinsippet”. Oppsettinga av styrken vil i hovudsak basere seg på dei som er inne til teneste (60%). Dei resterende skal etter plana engasjerast på vernebuingskontraktar.
  • Ei NASAMS-luftvernavdeling skal setjast opp som eit element i Forsvarets innsatsstyrkar. Styrken skal vere i stand til å utføre punkt-, objekt- og områdeforsvar. Objektansvar, eller punktforsvar, tyder at luftvernavdelinga grupperast til forsvar av objekt med ein mindre geografisk utstrekning. Til dømes kan dette vere flystasjonar, hamner eller ulike militære installasjonar.
  • Områdeforsvar tyder at eit område med fleire objekt, av eit bestemt omfang, skal forsvarast.




  •  

    Relaterte artikler
    Ingen relaterte artikler.