Forsiden Aktuelt Presse Pekere Fakta Send spørsmål Nettstedskart Søk Kontakt
 
Forsvarsnett :

Innhold


Om Forsvarsnett
 



Frank Rosvoll, 2004-06-11


- Omstillinga gjev nye sjanser

- Det er viktig at vi ser framover, og at vi alle bidrar til ei optimal løysing for Forsvaret, seier generalmajor Kjell Narve Ludvigsen. Han er sjef for Landsdelskommando Sør-Norge, som vart vedtatt nedlagd av Stortinget i går kveld.

Av Frank Rosvoll og Magnus Iversen (foto), Forsvarets mediesenter


YNSKJER RASK OG EFFEKTIV AVVIKLING: - Fellesoperativt hovedkvarter må vere budd til å ta over våre funksjonar innan kort tid, seier generalmajor Kjell Narve Ludvigsen, sjef for Landsdelskommando Sør-Norge.

Med Stortinget sitt vedtak går det mot slutten for Landsdelskommando Sør-Norge (LDKS), bare eit og et halvt år etter at den vart oppretta. Generalmajor Ludvigsen ynskjer å syte for at avviklinga av landsdelskommandoen er utført snarast mogleg. Nærare 50 personer er tilsett ved LDKS. Til Forsvarsnett seier Ludvigsen at det viktig å gjere seg ferdig med eventuelle sorgreaksjonar snøgt.

Bør sjå framover
- Det gagnar ikkje nokon å sørge over vedtaket Stortinget har fatta. Politikarane gjev oss ramane. Så må vi tilsette gjere det beste ut av det. Vi er med på å forme framtida, både vår eiga og Forsvaret si. Eg vil ikkje tillate nokon av mine medarbeidarar å stivne i sjølvmedliding. Ei omstilling gjev tross alt nye moglegheiter for den einskilde. Forsvaret som arbeidsgjevar bør syte for å bistå dei tilsette til god ei framtid, enten det blir i eller utanfor Forsvaret, seier generalmajoren.

Fokus på oppgåvene
Kjell Narve Ludvigsen er ærleg på at han nok er mest opptatt av korleis ein best skal skjøtte ansvaret for dei oppgåvene som framleis ligg til LDKS.
- Jau, ansvarsområdet er viktig for meg. Eg kan ikkje nekte for det.
Han fyrste reaksjon då han blei klar over vedtaket var at kompetansen i LDKS må bli overført slik at oppgåvene ikkje blir skadelidne. Primært vil funksjonane ved landsdelskommandoen bli ført over til det fellesoperative hovudkvarteret på Jåttå i Stavanger, oppgir generalmajoren. Samtidig som dei tilsette i Trondheim fekk meldinga om nedleggjinga, er dei travelt opptekne med å gjennomføre "Øvelse Nidaros". LDKS-sjefen seier at det har vore viktig at personellet har satt eventuelle personlege kjensler til side, og profesjonelt har leia aktivitetane kor nærare 2000 soldatar frå Heimevernet og Luftforsvaret har vore med. Øvinga har hatt fokus på avverging av terror.

Vil ha rask avvikling
Liksom trusselbiletet har endra seg, er også Forsvaret i ferd med å bli noko anna enn kva det var da generalmajoren trakk i grønt for 39 år sidan.
- Forsvaret endrast, og på mange vis til det betre. Det er opp til den einskilde å sjå sine moglegheiter i det nye Forsvaret, seier han.
Straks LDKS-sjefen mottek ei formell oppmoding om å avvikle LDKS, vil han fyrst syte for at det blir laga ei plan for kompetanseoverføring. Deretter vil han planlegge og gjennomføre nedlegginga av landsdelskommandoen. Dette skal skje så hurtig som mogleg, og FOHK bør i følge Ludvigsen vere klar til å overta funksjonane i løpet av kort tid.
- Ingen er tent med at dette dreg ut. Eg ynskjer ikkje ei langsam uttynning av rekkene med påfølgjande demoralisering. Eg ynskjer at nedlegginga av LDKS gjennomførast snarast mogleg etter vedtak. Dette har eg og klart sagt frå om til departementet og den øvste leiinga i Forsvaret, seier generalmajor Ludvigsen.

Står løpet ut
Den særs røynde offiseren har ikkje gjort seg opp ei klår meining om kva han sjølv vil gjere.
- Eg er 58 år, men eg har lyst til å stå løpet ut. Kanskje er eg ein blåøgd idealist som har via meg til Forsvaret. Det er iallfall slik eg føler det. Nokon vil kanskje seie at eg er ein offiser som står for noko, og uttrykker det også når eg veit at mine føresette ynskjer noko anna. Iallfall meiner eg Forsvaret treng ogsæ slike offiserar.




 

Relaterte artikler
Ingen relaterte artikler.