
|
Vellukka øving i Trondheim
Om lag 1400 befal og soldatar frå HV-12 i Trøndelag satte eit sterkt preg på Trondeim i veka som gjekk. Øvelse Nidaros var basert på eit scenario der politiet bad om bistand i anledning eit større politisk møte.
Av Frank Rosvoll og Magnus Iversen (foto), Forsvarets mediesenter
SIVILT MILITÆRT SAMARBEID: Forsvarets håndhevingsbistand til Politiet var bærebjelken i Øvelse Nidaros.
HV-soldatane har vore involverte i mange og ulike oppdrag under den vekelange øvinga. Fleire av situasjonane har for mange vore nye og ukjende, som til dømes masseteneste, objektsikring og eskorte. Det har blitt lagt stor vekt på å gjere oppdraga så realistiske som mogleg. HV-12 har søkt å halde seg til ei linje kor Forsvaret har ytt politi og andre sivile aktørar rettidig bistand.
- Skulle satsa meir
Når politiet har bedt Forsvaret om sokalla håndhevingsbistand, har Forsvaret stilt med personell. Under øvinga måtte dei holde seg til politiets retningslinjar og reglar, så lenge dei var under politiets operative leiing. Magnar Skaret, stabssjef i Sør-Trøndelag politidistrikt, sier til Forsvarsnett at dialogen mellom dei og Forsvaret har vore god. Så har da også politiet vore involvert i sjølve førebuingane av øvinga. Skaret sier at han synes politiet burde ha satt av større ressursar til si eiga deltaking i øvinga, mellom anna for å kunne gje ei tettare oppfølging av militært personell som var stil til rådigheit for Politiet.
- Det er viktig å følge opp folk som er under politiets operative kontroll, sier Skaret.
Sjølve ordregangen og dei formelle prosessane for militær håndhevingsbistand til politiet har ifylgje Skaret gått etter boka.
Eit skritt vidare
Oberstløytnant Gunnar Lillebo, øvingsleder ved Landsdelskommando Sør-Norge, mener Øvelse Nidaros har bragt samarbeidet mellom Forsvaret og politiet ytterlegere vidare, og at Øvelse Christiania i Oslo i september vil styrke dette samarbeidet enda meir.
- Prosessane i samarbeidet mellom Forsvaret og politiet var bærebjelken i øvinga, og eg meiner dette lyktes godt, sier Lillebo.
Major Kåre Haugen, operasjonssjef i HV-12, sier øvinga avdekka at hans personell hadde trengt ei meir presis beskriving av kva for bistand politiet ynskjer.
- Dette går på å sjå kva for oppdrag dei treng bistand til, og korleis politiet ser for seg at det skal gjennomførast, sier Haugen, som meiner Nidaros har vore ein god øving for HV-12.
HV-12 nådde alle sine målsetningar i øvinga og bestod den taktiske evalueringa, opplyser major Kåre Haugen.
|

|