Forsiden Aktuelt Presse Pekere Fakta Send spørsmål Nettstedskart Søk Kontakt
 
Forsvarsnett :

Innhold


Om Forsvarsnett
 



Erik Solbakken, 2004-06-15


Ikkje øl til vernepliktige

HAAKONSVERN: Sist veke var det Landskonferanse i Tillitsmannsordninga på Haakonsvern i Bergen. Mellom overraskingane var vedtaket mot øl i mannskapsmesser, og mot kvinneleg verneplikt.

Av Åge Andre Breivik (tekst og foto), Forsvarets mediesenter


OPNE: Dei fem i panelet svarte bra på spørsmåla frå salen, og var veldig opne i sine svar.

Alle dei tillitsvalde i Forsvaret var samla på Haakonsvern Orlogsstasjon frå måndag til torsdag førre veka, og debatterte arbeidet som organisasjonen skal jobbe med dei neste to åra. Mellom hovudemna som skulle drøftast var kvinneleg verneplikt i framtida, og dette vart også ein av dei mest heftige debattane.

For det er ikkje alle som er einige, sjølv på ein konferanse med tillitsvalde. Mange argument kom inn i biletet, og etter kvart vart det delen av salen som var i mot som vant. Dei neste to åra vil kvinneleg verneplikt ikkje vere eit av hovudemna for tillitsmannsordninga (TMO).

Glade nyhende
Men sjølv om dei tillitsvalde ikkje vil gå inn for kvinneleg verneplikt, er det semje rundt at ein vil ha fleire kvinner inn i Forsvaret. Dette i ein konferanse der ingen kvinner var representerte mellom dei tillitsvalde.

Tysdag var politisk rådgjevar Bengt Eidem innom konferansen, som representant for Forsvarsdepartementet (FD). I ein tale der han fortalde om samarbeidet mellom TMO og FD, kunne han også kome med det glade bodskapet til forsamlinga. For i eit Stortingsvedtak torsdag vart det godkjent at dagpengane for dei vernepliktige går opp med kroner 9,90 frå 1. juli i år.


DET GLADE BODSKAP: Politisk Rådgjevar i Forsvarsdepartementet Bengt Eidem kom med godt nytt til dei tillitsvalde på Landskonferansen. Dagpengane aukar med nær ti kroner.

Prinsipielt, ikkje detaljert
Dette i tillegg til auka dimisjonsgodtgjering og studiepoeng for fyrstegongsteneste var diskusjonstema i TMO sitt arbeid mot auka statusheving for dei vernepliktige.

Konferansen i år var den fyrste sidan 2002, då det vart innført ei prøveordning der ein skulle ha landskonferanse berre kvart andre år. Med det vart det også diskusjonar på eit meir prinsipielt grunnlag, og ikkje så detaljert som det har vore tidlegare når det var konferanse kvart år.

Primært stille refs
Rundt debatten av stille refs, kom TMO til eit kompromiss. Landskonferansen meiner at dei disiplinære rettane til for dei vernepliktige som er inne til fyrstegongsteneste må betrast. I tillegg meiner ein at stille refs bør vere den primære måten å framføre ein refs på.

Opplesing av refs på oppstilling meiner konferansen berre bør brukast i særskilde tilfelle.

Svarte villig
Tysdag var det paneldebatt med representantar frå dei forskjellige forsvarsgreinene. Kontreadmiral Jan Eirik Finseth (generalinspektør for Sjøforsvaret), generalmajor Tomas Colin Archer (generalinspektør for Luftforsvaret), generalmajor Egil Johansen (Personell, operasjonar og drift i Forsvarsstaben), brigader Geir Anda (sjef Hærens styrker) og kommandørkaptein Tore Stubberud (Vernepliktsverket) svarte villig på spørsmål frå dei tillitsvalde i salen.

Skal evaluerast
Hovudskilnaden på denne konferansen og dei som har vore arrangerte tidlegare er at det no vart diskutert i større liner enn tidlegare, med meir prinsipielle vedtak. Og fram mot neste konferanse i Bodø om to år skal altså TMO jobbe fram forslag om stille refs, metoder for å få fleire kvinner inn i Forsvaret, og å auke statusen for dei vernepliktige.

Etter neste konferanse i 2006 skal prøveordninga evaluerast, og fyrst då veit ein om dette er systemet ein vil fylgje framover.





 

Relaterte artikler
Ingen relaterte artikler.