
|
Øving med avansert system
LILLEHAMMER: God informasjonsutveksling mellom operative einingar var i fokus då om lag 450 menneskje frå 13 Nato-land samt grannelanda Sverige og Finland tok del i øvinga JWID på Jørstadmoen.
av Frank Rosvoll, Forsvarets mediesenter
SAMS SITUASJONSBILETE: Sjefar ved Landsdelskommando Nord-Norge (LDKN) vurderer eit oversiktsbilete basert på informasjon frå kommando- og kontrollinformasjonssystemer av den typen som blir testa under JWID 2004 (Illustrasjonsfoto: LDKN).
JWID = Joint Warrior Interoperability Demonstration FLO/IKT = Forsvarets logistikkorganisasjon/ informasjons- og kommunikasjonsteknologi . FLO/IKT er ein sentral støttespelar i øvinga som varer i tre veker.
Når operative einingar er i stand til å handle snøggare og betre med utgangspunkt i tilgjengeleg informasjon, vil det gje både Nato og medlemslanda fordelar i til dømes internasjonale operasjoner. For at informasjon skal bli tilgjengeleg, må ein ha løysingar som gjer dette mogleg. Målsetjinga med JWID 2004 er nettopp å auke deltakarane si evne til å styre og kontrollere militære operasjonar når fleire Nato-land deltek i ein koalisjon. Interoperabilitet handlar om å utveksle informasjon og meldingar mellom koalisjonspartnarane. Då er det viktig å definere løysingar, og syte for at desse kan nyttast av operative einingar og finne ei standardløysing for informasjonsdeling mellom koalisjonspartnere.
Nært opp til røynda
- Moglegheitene JWID gjev til å teste dei løysingane som Forsvaret har for å styre og kontrollere militære operasjonar, ligg tett opp til ein reell situasjon. Derfor legg vi mykje av utviklinga vår på dette området opp mot JWID, forklarar orlogskaptein Espen Sundal, ansvarlig for operative systemer (OSY) i FLO/IKT.
Han legg til at eit viktig bidrag til å betre løysingane er dei daglege tilbakemeldingene frå dei som nytter til dømes NORCCIS II, forsvarssjefen sitt primære kommando- og kontrollinformasjonssystem for støtte av militære operasjonar.
GJEV MOGLEGHEITER: Espen Sundal meiner JWID gjer det mogleg å teste kommando- og kontrollsystema på ein særs realistisk måte.
Nytta av å ha gode informasjonsløysingar aukar etter kvart som nettverksbasert forsvar er noko ein vil forankre i Forsvaret. NBF handler om rett informasjon til rette personar i rett tid.
God norsk innsats
Oppbygging av datanettverket som deltakarane på JWID trengte for øvinga på Jørstadmoen, var det FLO/IKT som sytte for. Omfattande førebuingar og mykje praktisk tilrettelegging er naudsynt før kvar av deltakar-landa kunne koble sine løysingar opp mot ein felles informasjonsinfrastruktur.
- Ein av fordelane med JWID er at vi får sjansen til å sjå og lære av andre, korleis dei løyser utfordringar som vi og kan ha. Med JWID sett vi arbeidet med å bringe Forsvaret vidare inn i informasjonssamfunnet inn i eit system. Det må til skal vi bli gode, seier orlogskaptein Sundal.
- Fjær i hatten
Løytnantane Johan Askheim og Jørgen Tistel frå Sambands-UKS er to andre nordmenn som har gjort ein monaleg innsats under JWID. Dei to har jobba med å sette opp Telemark bataljon sitt kommando- og kontrollsystem, og denne har verte testa opp mot tilsvarande system for bataljonens nederlandske samarbeidspartnar. Medlemmar frå telemarkbataljonens stab har vorte kursa under JWID for å lære å nytte systemet ein har bygd opp, fortel Askheim.
- Gjennomføringa av arrangementet må vere ei fjær i hatten for Noreg, sier ein amerikansk offiser vi møter i ein av korridorane på det godt bevokta bygget.
Etter at arrangementet i år vart flytta fra Belgia til Noreg, har talet på deltakarar blitt mykje høgare, legg han til.
Jo, dei er flinke til å gjennomføre internasjonale arrangement i Lillehammer.
Dette er JWID:
JWID (Joint Warrior Interoperability Demonstration) blei starta av det amerikanske forsvaret i 1994. Dei såg det teknologiske framsteget innan kommunikasjon og informasjonsteknologi, og ynskja å flytte seg frå eit statisk ein-dimensjonalt bilete av operasjonsområdet til eit nesten sanntids fleir-dimensjonalt bilete. I 1997 blei Nato saman med Australia, Canada, New Zealand og Storbritannia invitert til å ta del i JWID. Målsetjingen med Nato si deltaking er å auke evna til å styre og kontrollere militære operasjonar hjå C4 interoperabilitet (C4 = Command, Control, Communications and Computer capabilities). Noreg var med for fyste gong i 2001 med kommando-, kontroll- og informasjonssystemet NORCCIS II utvikla av FLO/IKT.
JWID 2004
Øvinga går over tre veker i juni, og har fram til nå blitt holdt i det militære Nato-hovedkvarteret SHAPE (Supreme Headquarters Allied Power Europe) i Belgia. For fyste gong i år og tre år framover vil Jørstadmoen være arrangør. Fylgjande land deltek med systemer: Canada, Danmark, Frankrike, Tyskland, Ungarn, Italia, Nederland, Noreg, Romania, Spania, Sverige, Tyrkia, Storbritannia, USA og Nato. Formålet med Nato's deltaking i JWID 2004 er å styrke og betre Nato og nasjonal C4-interoperabilitet i sams omgjevnadar. Meir enn 1200 testar er blitt gjennomført under JWID. Av desse har Noreg utført 272.
|

|