
|
Favorittar til militær-VM
I midten av juli er det militært VM i Tyrkia. Etter oppkøyringa i Sveits ser skyttarlaget på seg sjølve som favorittar framfor meisterskapen.
Av Åge Andre Breivik, Forsvarets mediesenter
BESTE NASJON: På sigerpallen: Brigader Ole Sannes tek imot premien som delegasjonsleiar. Sveits nummer 2 og Austerrike nummer 3. Foto: Ståle Larsen
I meisterskapen i Thun i Sveits tok Noreg to sigrar på rifleskyting for lag. I tillegg vart laget beste nasjon i turneringa.
- Dette viser at me vil vere med å kjempe om medaljar i Tyrkia, seier kaptein Ståle Larsen, som er trenar for riflelaget.
Ti nasjonar deltok i Thun i Sveits. Konkurransane var i rifleskyting og pistolskyting.
God sjanse
Ei av dei store utfordringane laget vil få når dei skal til VM, er varmen som vil vere i Tyrkia på denne tida av året. Men laget gjorde det så pass bra i Sveits at leiinga for laget trur dei skal ha ein god sjanse til å hevde seg i VM.
Fenrik Hans Bakken , HV 13 tek i mot premie som beste skyttar. Foto: Ståle Larsen
Hevda seg i toppen
Noreg vart beste laget i VM framfor Sveits som tok andreplassen. I rifleskyting tok det norske laget gull i både presisjonsskyting og hurtigskyting. Pistollaget gjorde det ikkje like skarpt i sine konkurransar, men kom inn på 5. og 6. plass.
Fenrik Hans Bakken frå HV13 vart beste rifleskyttar i konkurransen, og tok i tillegg sølv i 3X20 skot hurtigskyting. Fleire av dei norske skyttarane var i toppen i desse konkurransane. I 3X20 skot hurtigskyting tok menig Hans Kristian Wear frå HV03 bronse, medan kaptein Øyvind Sirevaag frå HV08 tok bronsemedalje på 3X20 skot presisjonsskyting.
Dei som deltok for Noreg i denne meisterskapen var:
Ledere/støtteapparat:
- Brigader Ole Sannes , Delegasjonsleder
- Major Vidar Fossmo ( Kampuks), Team capt
- Major Esten Murbreck (Kampuks) , Trener Pistol
- Kapt Ståle Larsen (RSF- Romerike VUPIS idrett), Trener Rifle
- Kapt Torleiv Oppen ( HV05) , fysioterapeut
Skyttere:
- Kapt Øyvind Sirevaag (HV08) Rifleskytter
- Fenrik Arild Røyseth (HV09) Rifleskytter
- Fenrik Hans Bakken (HV13) Rifleskytter
- Menig Hans Kristian Wear (HV03) Rifleskytter
- Lt Geir Stensby (HV05) Pistolskytter
- Fenrik Rune Kanstad (HV16) Pistolskytter
- Sjt Lars j Galåen (HV12) Pistolskytter
- Menig Tor Jonassen (HV06) Pistolskytter
LAGGULL: Sigerpallen på lagkonkurranse 3 x 20 skot hurtigskyting. frå v:Kapt Øyvind Sirevaag (HV08), Fenr Hans Bakken (HV13) , Menig Hans Kr Wear ( HV03), Fenrik Arild Røyseth (HV09) Foto: Ståle Larsen
|

|