Forsiden Aktuelt Presse Pekere Fakta Send spørsmål Nettstedskart Søk Kontakt
 
Forsvarsnett :

Innhold


Om Forsvarsnett
 



Frank Rosvoll, 2004-06-29


Døyde i trafikkulukke på Karljohansvern

Ein 34 år gammal offiser omkom ved ei trafikkulukke inne på orlogstasjonen i Horten, i går ettermiddag. Det er ikkje mistanke om noko straffbart i høve ulukka, heiter det i fråsegna frå Vestfold politidistrikt.

Av Frank Rosvoll, Forsvarets mediesenter


RÅKA AV TRAFIKKULUKKE: Det var inne på orlogsstasjonen Karljohansvern i Horten at ulukka inntraff. Arkivfoto: Trobjørn Kjosvold, FMS

Den omkomne var i ferd med å køyre sin motorsykkel frå messa til sitt kontor, inne på militært område. Det var ei fartsgrense på 80 km/t på staden ulukka fant sted, seier Anniken Rasch, politiadvokat i Vestfold politidistrikt. Mannen mista kontroll over motorsykkelen som køyrde av vegen, slik at føraren ble slengd av og traff ei steinrøys med stor kraft, opplysar politiadvokaten. Folk som kom til satte i gang med gjennopplivingsforsøk omlag halvanna minutt etter. Diverre mista mannen pulsen nokså hurtig og døyde. Politiet seier at den omkomne hadde hjelm på seg då han køyrde, og at det heller ikkje er mistanke om nokre andre uregelmessigheiter i høve til ulukka. Vestfold politidistrikt har avslutta etterforskinga av saka, seier politiadvokat Anniken Rasch.

Dei pårøyrande vart varsla om ulukka i går kveld, og blir følgd opp av Forsvaret. Det har vore arrangert ei minnestund både ved Østerdal garnison på Rena og ved Karljohansvern i Horten i dag. Den forulukka offiseren etterlet seg ein sambuar.




 

Relaterte artikler
Ingen relaterte artikler.