Forsiden Aktuelt Presse Pekere Fakta Send spørsmål Nettstedskart Søk Kontakt
 
Forsvarsnett :

Innhold


Om Forsvarsnett
 



Åge Andre Breivik, 2004-07-01


Stort status-løft for soldatar

- Det største enkeltståande løftet fyrstegongstenesta har fått, seier Stian Jenssen om hendingane siste månaden. I Stortinget har det nemleg vorte gjort vedtak som skal auke statusen til dei vernepliktige.

Av Åge Andre Breivik, Forsvarets mediesenter


GODT NØGD: - Det største lyftet for vernepliktige nokon gong, seier Stian Jenssen om vedtaka i Stortinget. Arkivfoto: Åge Andre Breivik, FMS

Mellom vedtaka som har vorte gjort i juni er det klart at økonomien til dei vernepliktige skal betrast. Dagpengane vart vedteke sett opp same dag som langtidsproposisjonen gjekk gjennom på Stortinget.

I tillegg gjekk Stortinget inn for å heve statusen til dei som er inne til fyrstegongsteneste på fleire måtar.
- For oss i Tillitsmannsordninga (TMO) er dei langsiktige vedtaka dei viktigaste, seier grenader Stian Jenssen. Han er landstillitsvald for dei vernepliktige i Forsvaret, og seier seg godt nøgd med dei vedtaka som er gjorde.

Meir levedyktig
For vedtak som at ein skal kutte ut vernepliktige frå støttefunksjonar og at ein vil ha meir meiningsfylt teneste for dei som er inne, er viktige tema for TMO. Medan framtida til Forsvaret vart drøfta i Stortinget i byrjinga av juni, var dei tillitsvalde i aksjon i Bergen, der deira landskonferanse diskuterte same emna, for å finne ut kva dei vil jobbe med åra framover.

- For dei som er inne til fyrstegongsteneste no er det klart det er bra å få auke i dei økonomiske vilkåra, men dei langsiktige aspekta er kanskje endå viktigare for oss, seier Jenssen. Han meiner ei meir meiningsfylt teneste for dei som er inne vil gjere verneplikta meir levedyktig i åra som kjem.

Gode folk inn
Stortinget vedtok også at befalsordninga skal endrast, og går det slik TMO vil, vert soldatar inne til fyrstegongsteneste den største rekrutteringsbasen for befalsutdanning.
- Det er eit paradoks at fyrstegongstenesta ikkje har vorte brukt betre til rekruttering tidlegare, seier Jenssen, som meiner det gjer tenesta meir attraktiv om ein kan gå direkte til internasjonale operasjonar eller befalsutdanning etterpå.

Jenssen trur det viktigaste for at fyrstegongstenesta skal kunne fortsette, er at ein får inn gode folk og får dei til å trivst i Forsvaret.
- Vert det som er vedteke no gjennomført i praksis, skal me vere godt nøgde, forsikrar den landstillitsvalde grenaderen.





 

Relaterte artikler
Ingen relaterte artikler.