Forsiden Aktuelt Presse Pekere Fakta Send spørsmål Nettstedskart Søk Kontakt
 
Forsvarsnett :

Innhold


Om Forsvarsnett
Forsvarets mediesenter
Oslo mil/Akershus
0015 Oslo

Redaktør
Seniorrådgiver Endre Hjelseth
 



Åge Andre Breivik, 2004-07-01


Farvel til Helgelandsmoen

HELGELANDSMOEN: Med fem tidlegare kommandantar til stades var oberstløytnant Åge Amundsen torsdag den siste kommandanten til å sjå flagget verte firt på Helgelandsmoen. Nå er 136 års drift historie.

Av Åge Andre Breivik (tekst og foto), Forsvarets mediesenter


PÅ GAMLE TOMTER: Kommandantane på Helgelandsmoen med minnesteinen for alle avdelingane som har halde til i leiren. Frå venstre noverande kommandant oberstløytnant Åge Amundsen og Reidar Aslaksrud, Birger Garberg, Steinar Huuse, Bjørn Ruud og Jan Egil Lyng.

For no er det over for Helgelandsmoen som militærleir. Sidan 1868 har hæravdelingar, og andre militære avdelingar, heldt til i leiren utanfor Hønefoss, men med firinga av flagget torsdag vart avslutninga markert.

- Klart det er vemodig å måtte legge ned, seier oberstløytnant Åge Amundsen, som er plasskommandant for Helgelandsmoen. Fredag reiser alle i leiren i kolonne til Sessvollmoen, der dei skal halde til frå no av.

Opna for folk flest
Under seremonien for dei særskild inviterte las Amundsen opp eit dikt han meinte passa til situasjonen.
- Det du seier og det du gjer set spor. Ein sti blir til når du går vidare, sa Amundsen, som håpa det framleis ville verte laga stiar på Helgelandsmoen.


Ordførar Per Berger (biletet) i Hole kommune avduka ein minnestein ved treet som forgjengaren Per Moi planta på Helgelandsmoen i 1985.
- Eg hadde håpa det skulle kome litt regn i dag, og no ser det ut til at det kjem, sa ordføraren i det han avduka steinen. Som ordførar gler han seg over at det militære området no kan kome til å verte opna for folk flest.

Passar til undervisning
Kva som skjer med Helgelandsmoen framover er ennå ikkje heilt avklart, men Skifte Eiendom jobbar med å få selt unna ein del av området. 385 mål grunn og 37000 kvadratmeter bygningsmasse skal seljast unna i fyrste omgang, kunne Einar Amlie Karlsen frå Skifte Eiendom fortelje.

Dei har allereie vore i kontakt med eventuelle investorar, og ynskjer i fyrste omgang å selje heile området i ein bit.
- Leiren passar veldig bra til undervisning, seier oberstløytnant Amundsen, som har drive tekniske skular for befal på Helgelandsmoen siste åra.


BYTTE: Splittflagget på Helgelandsmoen vart torsdag bytt ut med vimpel, med fanfare og eit alvorstynga publikum.

Mot nye leirar
Sjefen for Logistikkvåpenets utdannings- og kompetansesenter på Sessvollmoen, oberst Kai Ole Holter, fekk æra av å avduke steinen med alle avdelingane som har vore på Helgelandsmoen opp gjennom åra. Og kommandantane fekk vere dei fyrste til å observere den nye steinen.

Med fanfare og eit tital tilskodarar vart splittflagget firt då klokka passerte elleve torsdag føremiddag. Fredag morgon køyrer kolonnen med militært utstyr austover, mot ein ny ”heim” på Sessvollmoen.

Den våpentekniske utdanningsverksemda på Helgelandsmoen kan skilte med desse tala:
  • ca 40000 vernepliktige mannskaper
  • ca 2000 frå dei tekniske skulane
  • ca 1800 frå befalsskulen
  • ca 1000 frå utskrevet befalskurs
  • ca 1500 kurs for befal og sivilt tilsette
Utdanningsbiten vert no flytta til Sessvollmoen og dei militære tekniske verkstadane.




 

Relaterte artikler
Ingen relaterte artikler.