Forsiden Aktuelt Presse Pekere Fakta Send spørsmål Nettstedskart Søk Kontakt
 
Forsvarsnett :

Innhold


Om Forsvarsnett
 



Frank Rosvoll, 2004-07-02


Unikt tilbod frå Luftforsvaret

Yrkes- og kontraktsbefal frå alle våpengreinar kan no søkje Luftforsvarets tilbod om utdanning til teneste på maritime overvakingsfly.

Av Frank Rosvoll, Forsvarets mediesenter

Foto: Bjørn Volle
ORION: Forsvarets auge i havområda. Arkivfoto: Bjørn Volle, Luftforsvaret

Dei som blir plukka ut til utdanninga, vil bli befal i Luftforsvaret med teneste som systemoperatørar i flybesetninga. Tenesta medfører ein god del reising, som mellom anna er knytta til øvingar i både Noreg og utanlands. P-3 Orion er eit maritimt patruljefly med ei besetning på ti.

Ulike oppgåver
Flyet er utstyrt med ei rad avanserte sensorar og løyser mange ulike oppgåver. I fredstid er havovervåking og etterretningsinnsamling viktige oppgåver.
I krise eller krig kjem rollar innan antiubåt- og anti-overflate krigføring. Flyet har også ei rolle i søkje- og redningsoppdrag, og driv mellom anna støtte til det sivile samfunnet. P-3 Orion inngår som eit element i Forsvarets innsatsstyrkar.

Søkefrist ut juli
Dei kategoriane det i fyste rekkje er aktuelt innan, er: sonaroperatørar, radaroperatørar, EK-operatørar, våpensystemoperatørar og flymaskinistar. Det er akkurat nå utlyst plassar for utdanning til Sonaroperatør (Acoustic Warfare Operator aka AWO) og Våpensystemoperatør. Utlysingane ligg under kunngjeringane på Forsvarsnett. Søknadsfristen er satt til 30. juli.




 

Relaterte artikler
Ingen relaterte artikler.