Forsiden Aktuelt Presse Pekere Fakta Send spørsmål Nettstedskart Søk
 
Forsvarsnett :

Innhold


Forsvarsnett
Forsvarets mediesenter
Oslo mil/Akershus
0015 Oslo

 



Frank Rosvoll, 2004-07-07


Avventar FD sitt iverksettingsbrev

Forsvarets logistikkorganisasjon (FLO) ventar på eit iverksettingsbrev frå FD etter at Stortinget har vedteke ei ny langtidsplan, men allereie innan utgongen av dette året skal FLO ha rasjonalisert vekk eitt tusen årsverk.

Av Frank Rosvoll, Forsvarets mediesenter


I DET BLÅ: FLO avventar iverksettingsbrevet frå Forsvarsdepartementet, for å få konkrete innspel på kva dei skal gjere i neste langtidsperiode. Illustrasjonsbilete: FMS.

Det har gått knapt ein månad sia Stortinget handsama og vedtok St.prp. nr. 42 (2003-2004) for Forsvaret, som gjev politikarane sine rammar for korleis organisasjonen skal moderniserast i tidsrommet 2005-08.
Marit Nybakk (Ap), leiar i Forsvarskomiteen og saksordførar for handsaminga av stortingsproposisjonen, seier til Forsvarsnett at det var stor politisk semje om det meste av innhaldet i langtidsmeldinga for Forsvaret. Eit klart unnatak meiner ho var det som gjekk på privatisering og bortsetting av tenester, som høyrer inn under FLO sitt ansvarsområde.

- Kritisk til privatisering
- I grove trekk kan ein seie at regjeringspartia og Framstegspartiet er villjuge til å sjå på moglegheitene for privatisering av tenester, noko Arbeiderpartiet, SV og Senterpartiet er til dels sterkt kritiske til. At FLO må slankast er noko Arbeiderpartiet også har sagt er naudsynt, men vi er kritiske til privatisering/bortsetting mellom anna ut frå omsyn til vernebuinga i Forsvaret, seier Nybakk.

Nye endringar
Forsvarskomiteens leiar seier til Forsvarsnett at dei største endringane for FLO sin del kom med Stortingsproposisjon nr. 12, som vart handsama i desember i fjor. Da vart FLO endra til ein organisasjon med dei fire divisjonane (drift, materiell, tungt vedlikehald og IKT), slik vi har byrja å kjenne dei i dag. Med Stortinget si handsaming av langtidsmeldinga i juni blei det avgjort at divisjonane Materiell og IKT skal samanslåast. Departementet sitt forslag om å utrede ei utskiljing av innkjøp frå, FLO blei vedteke av Stortinget, og denne funksjonen kan verte videreført i form av ein eigen etat under FD.

- Styring av omstillinga kan betrast
Om det store omstillingsarbeidet som blir gjort i FLO, seier Marit Nybakk at dei tilsette i organisasjonen legg ned ein solid innsats. Ho meiner likevel at leiinga av omstillingsprosessen kunne vert betre.
- Eg må seie at den kunne blitt betre styrt frå toppen, som andsynes meg har preg av manglande kontroll knytta til omstillinga av FLO, seier leiaren for Forsvarskomiteen, som er nøye med å streke under at det var eit einstemmig Storting som slutta seg til talet for eit nedbemanna FLO.

Innan utgongen av 2004 skal FLO ha kome ned på 5330 årsverk. I dag har organisasjonen om lag 6200 årsverk. Nybakk sluttar med å seie at det i det politiske miljøet er nokså mykje diskusjon omkring systemet med internfakturering i Forsvaret (horisontal samhandling).
- Det er ikkje noko å leggje skjul på, og for min eigen del vil eg seie at denne ordninga er eg skeptisk til, avsluttar Marit Nybakk.

Regelverket styrar
Erik Hernes, sjef for Forsvarets logistikkorganisasjon, ynskjer ikkje å kommentere Nybakk sin kritikk av FLO-leiinga.
Hernes seier til Forsvarsnett at FLO ligg på skjema i høve til Stortinget sitt vedtak om omstilling av FLO.
- Vi jobbar intenst med å få til nedbemmaninga, men det er naudsynt å gjere dette på ein måte som ikkje strir med regelverket for arbeidslivet. Det kan gjere det vanskeleg å kutte i arbeidsstokken så fort som ein kunne ynskje, men vi ligg likevel på skjema, seier FLO-sjef Hernes.




 

Relaterte artikler
Ingen relaterte artikler.