Forsiden Aktuelt Presse Pekere Fakta Send spørsmål Nettstedskart Søk Kontakt
 
Forsvarsnett :

Innhold


Om Forsvarsnett
 



Frank Rosvoll, 2004-07-07


Naudsynt kunnskap om Krigens folkerett

Dersom det viser seg at det fortsatt er manglande kunnskap om Krigens folkerett bland soldatane, vil det bli satt i gang strakstiltak for å trygge eit naudsynt kunnskapsnivå, opplyser generalmajor Kjell Grandhagen, sjef for Hæren sine styrkar.

Av Frank Rosvoll, Forsvarets mediesenter


GODE SKUSSMÅL I UTLANDET: - Våre soldatar får gjennomgåande særs gode skussmål for framferda si, både frå sivile innbygjarar og styresmakter, dei ulike partane i konfliktane og frå våre allierte, seier Kjell Grandhagen, sjef for Hæren sine styrkar. Arkivfoto: Torbjørn Kjosvold, FMS

Norges Røde Kors offentleggjorde i dag resultatet av si spørreundersøking omkring Krigens folkerett bland norske hærsoldatar i Telemark bataljon (TMBN) og 6. divisjon sin kavaleribataljon. For eit og eit halvt år sia innleia Forsvaret og Røde Kors ein samarbeidsavtale, ikkje minst for å styrke undervisninga om kva for reglar Krigens folkerett fastsett under strid.
- Vi har ein forpliktande samarbeidsavtale, og vi er i tett dialog med Forsvaret, seier Magne Barth, leiar for seksjon for internasjonal humanitær rett i Norges Røde Kors.

”Testa” før undervisninga var fullførd
Røde Kors si undersøking syner ein del skilnadar i kunnskapsnivået knytta til Folkeretten. Skilnadane er i ikkje ubetydelig grad knytta til om soldatane hadde fått undervisning om tematikken før dei tok del i spørreundersøkinga. Til dømes blei kavaleristane i 6. divisjon ”testa” før dei hadde fullført undervisninga knytta til Krigens folkerett. Undersøkinga gjev inntrykk av at dei vernepliktige soldatane i kavaleribatajonen gjennomgåande har eit noko lågare kunnskapsnivå til kva for reglar Folkeretten sett, samanlikna med dei profesjonelle grenaderane i telemarkbataljonen. Det kan også nemnast at nesten samtlege av mannskapa i TMBN har erfaring frå internasjonal teneste, mens kun ein dei spurte soldatane i kavaleribataljonen slik erfaring.

Kavaleristane skal delta i ISAF-styrken i Afghanistan dei komande månadane, og ein god del av undervisninga blei gjort i det tidsrommet eininga førebudde oppdraget sitt i Kabul.
- I framtida vil Hæren syte for at samtlege avdelingar, også dei som skal ta del i internasjonale oppdrag, får denne utdanninga på eit tidlegare tidspunkt under førstegongstenesta, seier Grandhagen.

Ikkje greit å vere ugrei med sivilistar
Røde Kors si undersøking syner at dei av soldatane som hadde fått opplæring på det tidspunkt dei tok del i ho, og særskilt dei av mannskapa som seier seg nøgd med opplæringa, skiljer seg positivt ut i svargivninga. Her scorar soldatane frå TMBN gjennomgåande betre enn kollegane frå 6. divisjon. Det er ei solid tilbakemelding på at opplæringa i Forsvaret gjev gode resultat.

Samtidig avdekker undersøkinga områder kor ein må auke kvaliteten på undervisninga. Mellom anna har kun 8% av dei to soldatgruppane som deltok kjennskap til det internasjonale tryggingsmerket for minnesmerkar og bygningar av kulturell verdi, og 61 prosent av dei spurte veit ikkje eller meinar at ein ikkje må tillate ein krigsfange å sende melding til slektningane sine, slik Genève-konvensjonen krev. 19 prosent av dei spurte svarar at det er greit å angripe sivile som gjev husly for fienden, hvis sivilistane har gjort dette av fri vilje. Kun ein av fire oppgjev at dei kjenner til korleis tryggingsmerket for Sivilforsvaret ser ut.

- Einskilde resultat frå undersøkinga synleggjer og at vi må jobbe vidare med soldatanes etiske haldningar, seier generalmajor Kjell Grandhagen.




 

Relaterte artikler
Ingen relaterte artikler.