
|
Uhell ved minesprenging
Under marineøvinga Blue Game i april dreiv Sjøforsvaret med kontrollerte sprengingar av miner på Sørlandet. Men ei av dei fire minene gjekk ikkje av som planlagt.
Av Åge Andre Breivik, Forsvarets mediesenter
SPRENGINGSSTAD: Her kom ein til at sprenginga måtte ha skjedd. Foto: Per Arnt Olsen, Fellesoperativt hovedkvarter.
Rapporten etter uhellet er no klar, og Forsvaret tek sin del av skulda etter at deler av øya Udvår i Søgne kommune vart skadd av ei mine. Det var ei av dei fire kontrollerte sprengingane som ikkje gjekk som planlagt.
Mest mogleg attføring
Minene skulle sprengast på ti meter djup på sørlandskysten, medan dei var feste til botnen. Men ei av dei fire minene sleit seg, og kom for nær land før den detonerte. Resultatet var at delar av grunnfjellet vart sprengt ut, og steinar spreidde med ein radius på om lag 250 meter frå sprengingsstaden.
ATTFØRING: - Me vil attføre naturen så nær det det var tidlegare som mogleg, seier Per Arnt Olsen i FOHK. Arkivfoto: Torbjørn Kjosvold, FMS
- Det vil hovudsakleg vere snakk om rydding av stein og liknande, seier major Per Arnt Olsen ved Fellesoperativt hovudkvarter (FOHK). Han var FOHK sin representant på synfaringa på Udvår. Han legg til at målet er å attføre området så langt som mogleg til slik det var før uhellet.
Erkjenner skuld
- Slike uhell må ein informere om med ein gong, seier Helge Reisvold, som var Søgne kommune sin representant på synfaringa. Som representant for grunneigaren syntest han saka har vore godt handtert av Forsvaret etter at den vart kjent, men han er skuffa over at dette ikkje skjedde før pressen fekk tak i saka.
I rapporten frå FOHK slår ein langt på veg fast at det er Forsvaret som er skuld i skadane, og at dei i høve til si line med å hjelpe med å verne freda områder langs kysten, må vere med og rydde opp i området.
|

|