Forsiden Aktuelt Presse Pekere Fakta Send spørsmål Nettstedskart Søk Kontakt
 
Forsvarsnett :

Innhold


Om Forsvarsnett
 



Åge Andre Breivik, 2004-07-16


Hæren er ferdig i Kosovo

SESSVOLLMOEN: - Me må stole på dei me har ute. Det er ikkje mykje me kan gjere heimafrå når noko skjer, sa generalmajor Sunde etter medaljeparaden på Sessvollmoen torsdag. Etter fem år er Hæren ferdig i Kosovo.

Av Åge Andre Breivik og Magnus Iversen (foto), Forsvarets mediesenter


UTMERKINGAR: General Sigurd Frisvold (midten) og generalmajor Harald Sunde delte ut Forsvarets medalje for internasjonal teneste til alle dei heimkomne soldatane.

Siste rest av Kfor-styrken Norwegian Task Force er no attende i Noreg, og saman med ein del av det norske styrkebidraget til Irak hadde dei utdeling av medaljar på Sessvollmoen torsdag. Alle dei 88 soldatane og befala som har vore ute i internasjonal teneste mottok Forsvarets medalje for internasjonale operasjonar, men av forskjelleg grad etter kor lenge dei har vore ute.

Profesjonell haldning
På medaljeparaden på Sessvollmoen var både landkommandør Harald Sunde, og Forsvarssjef Sigurd Frisvold. Båe to takka for måten dei norske styrkane har løyst oppdraga sine ute.

- Når det er noko som skjer ute fylgjer me med på det frå minutt til minutt, seier generalmajor Sunde, som med sin stab i Fellesoperativt hovudkvarter har kontinuerleg kontakt med dei som er i internasjonale operasjonar.

Sjølv om dei har kontinuerleg kontakt med misjonsområda er det lite dei kan gjere frå Noreg, så ein må stole på soldatane og befala når dei er ute.
- Dei norske soldatane er audmjuke, har ei veldig profesjonell haldning og set seg i respekt når dei er ute, seier Sunde, som legg til at den norske innsatsen i Kosovo var med på å avgrense opptøyane som var der i mars.

Løyst oppdraget godt
- Eg er ikkje særleg glad i å verte vekt midt i middagskvilen, men av og til må ein gjere unntak, seier general Frisvold.
- Det går greitt når øvstkommanderande i Nato, general Jones, ringer meg på ettermiddagen for å skryte av det norske bidraget, legg generalen til. Den øvstkommanderande i Nato ville også bruke dei norske soldatane til opplæring for andre styrkar, fortel den norske forsvarssjefen.

Her heime har debatten om det norske bidraget i Irak gått, og folk har spurt seg om dei norske soldatane har løyst oppdraget sitt. Dette har dei klart både på den humanitære sida, og med støtte til lokalbefolkninga i Basra, om ein skal tru Frisvold.


OPPMODAR TIL SAMTALE: Lankommandør generalmajor Harald Sunde oppmodar soldatane om å snakke om det dei har opplevd i Irak til dei pårørande.

Klar forbetring
- Eg oppmodar soldatane om å fortelje kva som har skjedd i Irak, seier Sunde.
- Det er dei som har opplevd møtet med lokalbefolkninga, og har sett effekten av hjelpa som dei har gjeve, legg landkommandøren til.

Hæren er no ferdig med sitt bidrag til Kosovo, etter fem år, og endringane her heime har i fylgje forsvarssjefen vore formidabel.
- For fem år sidan stod heile Hæren på hovudet for å få sendt Telemark bataljon av stad til Kosovo, seier generalen, som meiner at kvaliteten på den norske Hæren har auka mykje etter den tid.

Dei forskjellege gradene av Forsvarets medalje for internasjonal teneste er:
  • Under 15 månader: Medalje
  • Over 15 månader: Medalje med 1 stjerne
  • Over 30 månader: Medalje med 2 stjerner
  • Over 45 månader: Medalje med 3 stjerner
  • Over 60 månader: Medalje laurbær





 

Relaterte artikler



Luftforsvaret overtok i Kosovo 2004-07-14





Stolt Kosovo-sjef på norsk jord 2004-07-08