Forsiden Aktuelt Presse Pekere Fakta Send spørsmål Nettstedskart Søk
 
Forsvarsnett :

Innhold


Forsvarsnett
Forsvarets mediesenter
Oslo mil/Akershus
0015 Oslo

 



Åge Andre Breivik, 2004-07-22


Heim med sølvpistolane

Noreg imponerte i den militære verdsmeisterskapen i skyting i Tyrkia sist veke. Mellom anna vart det norske laget kåra til beste nasjon i meisterskapen.

Av Åge Andre Breivik, Forsvarets mediesenter


BESTE NASJON: Noreg tok tittelen som beste nasjon og trofeet "Sølvpistolene" med seg heim frå Tyrkia. Foto: Kaptein Ståle Larsen

Dei norske skyttarane imponerte nok ein gong i internasjonal konkurranse, med både individuelle sigrar og utkåringa til beste nasjon. Sistnemnde siger gjorde at Noreg får eit napp i trofeet ”Sølvpistolane”, som er eit vandretrofé.
- Ingen kan få dette trofeet til odel og eige, det er på evig vandring, seier kaptein Ståle Larsen som er trenar for herrelaget i rifleskyting.

Har trena meir
Riflelaget vart verdsmeistrar i hurtigskyting 300 meter, med Tyrkia og USA på dei neste plassane. I presisjonskyting vart same laget nummer tre.
- Til saman er nok dette den beste meisterskapen eit norsk riflelag har hatt på 20 år, seier Larsen.

Laget i rifleskyting har vore jamt over gode siste åra, og det var difor inga bombe at dei gjorde det så bra. Men siste året har det vore fleire samlingar for laget enn tidlegare. Innandørstrening allereie frå november i fjor har gjort at laget har hevda seg i toppen i fleire turneringar i år.


TO AV TRE: Gull til fenrik Hans Bakken og bronse til HV-soldat Hans Kristian Wear på 300 meter hurtigskyting med rifle.

Vertskap i august
Pistollaget fekk i år berre ein bronsemedalje i tillegg til ”Beste Nasjon”-tittelen. Tredjeplassen til Pål Hembre i hurtigpistol var den sjuande medaljen Hembre har teke i eit VM.
- Me er veldig godt nøgde totalt sett, seier kaptein på pistollaget, kaptein Hallgeir Huse, som var med i VM for fyrste gong i år.

Sjølv med tittelen ”Beste nasjon” i kofferten vil ikkje skyttarlaget kvile på laurbæra framover. Allereie andre veka i august er det uttak til nytt lag, før dei skal vere vertskap for nordisk meisterskap på Elverum kort tid etter.


LAGGULL: Gullet i øvelsen 300 meter hurtigskyting gjekk til Noreg. Laget består av Fenrik Røyseth, Fenrik Bakken, HV soldat Wear og HV soldat Berg. Foto: Kaptein Ståle Larsen

Kan hente heim medaljar
- Me viser at Noreg er ein skyttarnasjon, i og med at me vinn som beste nasjon, seier kaptein Larsen, som siktar til at ”beste nasjon”-tittelen vert rekna ut av to konkurransar i pistolskyting og to konkurransar i rifleskyting.

- Normalt har me også hevda oss bra i den nordiske meisterskapen også, seier kaptein Huse, som meiner alt skal ligge til rette for at ein kan hente heim ein del medaljar når meisterskapen på Terningmoen, Elverum går av stabelen i august.

Deltakarar for Noreg i VM skyting var :

Delegasjonsledar: Brigader Ole Sannes

Riflelaget
Fenrik Arild Røyseth, HV 08 (Skytter)
Fenrik Hans Bakken, HV 13 (Skytter)
HV-soldat Hans Kristian Wear, HV 03 (Skytter)
HV-soldat Vebjørn Berg, HV 05 (Skytter)
Løytnant Gyda Olssen, LKS (Skytter)
HV-soldat Ida Frydenlund, HV 05 (Skytter)
HV-soldat Hanne Skarpodde (Skytter)
Major Vidar Fossmo, Kampuks (Team Cap)
Kapt Ståle Larsen, RSF-R (Trener Menn)
Kapt Tore Reksterberg, Ørlandet (Trener Damer)

Pistollaget
Kaptein Petter Kleiven, LOGUKS (Skytter)
Løytnant Geir Stensby, HV05 (Skytter)
Fenrik Pål Hembre, HV 02 (Skytter)
HV-soldat Tor Jonassen, HV 08 (Skytter)
Sersjant Gunrid Kjellmark , HV 12 (Skytter)
Fenrik Marianne Ullvasveen, HV 02 (Skytter)
HV –soldat Yvonne Karlsen,HV 15 (Skytter)
Major Esten Murbreck, Kampuks (Trener)
Kaptein Hallgeir Huse, RSF-H (Team Capt)

Kaptein Torleiv Oppen, HV 05 (Fysioterapaut)




 

Relaterte artikler
Ingen relaterte artikler.