
|
Grannelanda lærar rekruttering av kvarandre
Forsvaret og svenske Forsvarsmakten samarbeider for å bli betre på rekruttering. Til dømes er den mykje omtala ”jentecampen” inspirert av ”tjeilumpen” , ei god svensk nyvinning blant målretta rekrutteringstiltak Forsvaret nyttar.
Av Frank Rosvoll, Forsvarets mediesenter og Torstein Liene (foto), Kjevik media
GODE GRANNAR: Rekrutteringsoffiser Lasse Hammer omkransa av Margareta Hjelmqvist og Inger Arkel, som kom til Kjevik for å sjå korleis det norske pilotprosjektet gjekk føre seg.
I Sverige intervjuast kvar einskilde befalskandidat av ein psykolog, og soleis har psykologane ei viktig rolle i arbeidet med å peike ut kva for menneskje som skal kle leiarstillingane i den svenske militærmakta. Inger Arkel og Margaret Hjelmqvist er bland elleve psykologar som jobbar i den svenske Forsvarsmakten sin rekrutteringsteneste. I dag vitja dei Luftforsvaret sitt skulesenter på Kjevik, der tre av Forsvaret sin befalsskular gjennomførar felles opptak og seleksjon av befalskandidatar.
”Positiv anda”
Også hos våre svenske grannar er Forsvaret i omstilling. Fleire einingar har blitt lagt ned dei siste åra, og dei økonomiske ramane har blitt strammare. Margareta Hjelmqvist seier at dei so langt ikkje har nytta sentraliserte opptak, men at dette er noko dei vil vurdere. I Sverige er det vanleg at opptaksprosessane skjer ute hjå dei ulike einingane, kor ein normalt finsiktar mellom 40 til 50 kandidatar.
INNSIKT I FINSIKTING: Psykolog Margareta Hjelmqvist er ein av elleve psykologar som intervjuar samtlege befalskandidatar i Sverige.
Dei svenske psykologane som vitjar Kjevik synest det er særs interessant å sjå korleis ein handterar ei om lag ti gongar større gruppe i ein opptaks og seleksjonsprosess. På Kjevik har dei to psykologane fått nært innblikk i intervjusituasjonar, ulike gruppeoppgåver (cases) og dei overgripande resultatane ein har fått i løpet av opptaksprosessen.
- Det er tydeleg at prosessen ber preg av å vere minitøst -, for ikkje å seie særs godt planlagd. I tillegg synest det som om dei som er direkte involvert i opptaksprosessen verker engasjerte og entusiastiske. Det rår ei veldig ”positiv anda” hos dei tilsette som arbeider med kandidatane, seier Hjelmqvist.
Gjensidig nytte
I Sverige er rekrutteringstiltaka knytta til, og ofte forankra hjå dei ulike eininga rundt om i landet. Grannane har vore flinke til å utvikle diverse aktivitetar for å trigge nysjerrige og forsvarsinteresserte ungdomar, og ikkje minst jentar. Svenskane arrangerte ”tjeilump” i fleire år før det norske Forsvaret starta opp med sin ”jentecamp”. Det er ikkje naudsynt å finne opp kruttet på nytt.
- Ein kan heller låne oppskrifta hos ein god granne, som arbeider med mange av dei same utfordringane som ein sjølv steller med, sier kaptein Lasse Hammer, rekrutteringsoffiser ved skulesenteret på Kjevik.
Hammer seier at svenskane har merka seg Forsvaret sin bruk av responskort, database og SMS-tenestar for å pleie ei nær kontakt med ungdom som vurderer utdanning i Forsvaret.
- Dei har ikkje nytta seg av slike verkemiddel i Sverige. Personell frå Forsvaret er bedd om å gje ei orientering om kva for røynsler ein har frå den delen av rekrutteringsarbeidet, når vi kjem til Sverige på ein gjenvisitt, seier Hammer.
|

|