
|
Effektiv omplassering
HVALSMOEN/SESSVOLLMOEN: Sidan hausten 2002 har Forsvaret omplassert utstyr i norske militærleirar. Til no er materiell verdt 100 millionar flytta, og Forsvaret har spart nesten 60 millionar kroner.
Av Åge Andre Breivik og Magnus Iversen (foto), Forsvarets mediesenter
SAMARBEID: Forsvaret, her ved major Rudi Løken, samarbeider med Helge R. Olsen & Sønn AS, ved Jan Gabrielsen (t.h.), om tømming av nedlagde militærleirar.
- Me sette oss ned og såg på det økonomiske rundt avhending og nedlegging av leirer, og kom til at dette var den beste måten å gjere det på, seier major Rudi Løken. Han er prosjektleiar i Forsvarets logistikkorganisasjon/Materiell (FLO/Materiell) og gjenbruksprosjektet.
Sender utstyr vidare
Det er mange norske militærleirar som i desse dagar vert nedlagde og tømde. Sidan Forsvaret ikkje har kapasitet til å gjere dette sjølv, har ein henta inn sivil hjelp. Selskapet Helge R. Olsen & Sønn AS har fått ansvaret for å tøme leirane for Forsvaret, lagre materiellet, og etter kvart sende det vidare ut til avdelingane som treng materiellet.
Lager på Hønefoss
På Hønefoss har både Hvalsmoen og Helgelandsmoen vorte nedlagde siste åra, og Helge R. Olsen & Sønn AS har vore med på å tømme desse. Med eit lager på 1800 kvadratmeter på Hønefoss har selskapet kontroll over alt materiell som er fjerna frå nedlagde leirar rundt om i landet.
Stolar, skap, kjøleskap, kontorutstyr og senger er mellom utstyret som er stabla i dei to telta på Hønefoss.
- Me tek alt utstyr anna enn datautstyr, renoverer dette og sender det vidare til avdelingane som treng det, seier Jan Gabrielsen. Han er prosjektleiar for Helge R. Olsen & Sønn AS i deira samarbeid med Forsvaret.
LAGRING: På Hønefoss har Helge R. Olsen & Sønn AS 1800 kvadratmeter med Forsvarsmateriell som ventar på renovasjon og utlevering.
Trekk opp att møblar
I renoveringsarbeidet ligg mellom anna maling av dei gamle soldatskapa og omtrekking av stolar.
- Når folk ute i avdelingane finn ut kva me har her, vert det nok køyr for å få utlevert møblar, seier Gabrielsen. Han har vore med i prosjektet sidan starten, og meiner at prosjektet har vore med og auka standarden på leirane i Noreg.
Døme 1:
Skulesenteret på Ulsnes i Stavanger er innreia med møblar frå dette prosjektet. Eit sjukehus i Gambia og ein ingeniørskule i Kviterussland er utstyrt med det som Forsvaret ikkje kan bruke opp att.
Major Løken i FLO/Materiell er samd i at standarden har gått opp. I og med at alle stolar vert trekte i same stoff, og alle skåp vert mala i same fargen, er det lett for ei avdeling og bytte ut materiell som er slite.
Gir vekk utstyr
Alt materiell som kan brukast om att vert fjerna frå leirane av Helge R. Olsen & Sønn AS når drifta vert avslutta. Om det er avdelingar som skal flyttast eller liknande har dei også høve til å flytte materiellet direkte.
- Til mindre materiell me må ha innom lageret, til betre er det, seier Gabrielsen.
Det materiellet som ikkje kan brukast vert også teke vare på på sin eigen måte.
- Når alt me kan bruke er fjerna, vert det resterande utstyret samla før ideelle organisasjonar får kome inn å hente det utstyret dei vil ha, seier Løken.
Spart 60 millionar
Møblar og materiell frå Forsvaret har til no mellom anna hjelpt å byggje opp ein ingeniørskule i Kviterussland, og eit sjukehus i Gambia. Kasting av utstyr er siste utveg i dette prosjektet.
- Me sparer faktisk pengar på å gje vekk utstyr i staden for å kaste det, seier Løken, og legg vekt på at det er betre at materiellet kan kome til nytte i andre delar av verda. Til no har omplasseringa omfatta utstyr verdt 100 millionar kroner, og Forsvaret har spart 60 millionar.
Døme 2:
Skal 66 soldatskåp frå ein leir i Noreg, til Hønefoss for renovasjon, og ut igjen til Garnisonen i Sør-Varanger (lengste avstand), vil den totale prisen vere på kroner 130 000. Dersom ein skulle kjøpe skåpa nye ville prisen vere kroner 264 000.
|

|