Forsiden Aktuelt Presse Pekere Fakta Send spørsmål Nettstedskart Søk Kontakt
 
Forsvarsnett :

Innhold


Om Forsvarsnett
 



Frank Rosvoll, 2004-08-17


- Må ha vilje til å leie

Kandidatar til befalsutdanning i Forsvaret må ikkje berre vere motivert for å gå gjennom opptaksprøva til skulane. Det er viktigare at dei syner å vere motivert for leiarrolla.

Av Frank Rosvoll, Forsvarets mediesenter, og Torstein Liene (foto) FOS-infosenter/Kjevik


Å VÅGE: Evne til å takle utryggleik reknast som ein av dei fem leiaregenskapane ein ser etter hos befalskandidatar. Major Bente Stjernholm Dalene har det.

- Det at ein kandidat er motivert for sjølve opptaket treng ikkje å samsvare med det å vere motivert for å leie andre menneskje. Krigsskulen skal utdanne leiarar, og då er det jo vesentleg å finne dei som er motivert for å leie, seier major Bente Stjernholm Dalene. Ho er stabsleiar ved Luftforsvarets operative fagskular, og samordnar alt seleksjonsarbeid i Luftforsvaret.

I desse dagane får ho ansvaret for samordninga av utdanninga mellom dei operative fagskulane i Luftforsvaret og opp mot Luftforsvarets befalsskule og krigsskule. Koordinering og etablering av felleskurs i Luftforsvaret, og fellestaktiske kurs opp mot Hær, Sjø og Luft, blir også major Dalenes ansvar.

Endra kriteriar ved val av kandidatar
I samband med mastergrad-utdanninga si ved Høgskolen i Halden i fjor, skreiv major Dalene ei oppgåve om seleksjonsprosessen for opptaket ved Hærens krigsskule på Linderud. Funna som blei gjort då, avdekka eit sprik mellom krigsskulens faktiske seleksjons-kriteriar og dei kriteriane både leiarane ved skulen og forskinga meiner ein bør sjå etter.
Krigsskulen på Linderud har i ettertid gjort endringar i seleksjonsmetodikken sin, legg Dalene til.
Dei siste dagane har ho teke del i intervjua og jamvel fulgt kandidatane i felten, under den felles opptaks- og seleksjonsprosessen som fant stad på Kjevik. Der har ho også bistått vegleiarane som har jobba med kandidatane.


Å VILLE: For å bli ein dugeleg leiar må ein vere motivert for å leie, slår Dalene fast.

Kunnskap frå sivile
- Offisersrolla kan ikkje lærast på ein sivil institusjon, men eg ynskjer at fleire offiserar ser potensialet i å hente kunnskap frå dei sivile utdanningsinstitusjonane, slik at vi kan nyttiggjere oss det beste derfra, seier major Bente Stjernholm Dalene.
Om ein kan hente mykje godt frå det sivile samfunnet, er Dalene viss på at Forsvaret må oppretthalde sin eigenart i leiarutdanninga.

- Grundig og godt planlagd
Major Dalene seier det er interessant å sjå korleis seleksjonen bland kandidatane til befalsskulekandidatane på Kjevik går for seg, ut fra dei funna ho gjorde ved krigsskulen.

- Eg meiner å sjå at intervjuoffiserar og vegleiarar treng eit betre fundament for si gjerning, gjennom kursing og røyndom. Generelt vil eg seie at det felles opptak og seleksjon som har blitt gjennomførd verker veldig godt førebudd og kvalitetssikra. Til dømes er det mogleg å kjøre re-intervju fleire gonger på same kandidat, og med ulike intervjuarar slik at ein sikrar habiliteten. Det heile verker temmeleg solid, seier Dalene.

Til hausten må ho sjølv under lupa til kritiske sensorar. Då forsvarar ho nemlig hovudoppgave si for masterstudiet.
Og major Dalene kan tilrå slike studiar.
- Ein kan lære nye ting heile tida. Eg trur aldri ein blir fullt utlært i noko, seier ho.




 

Relaterte artikler
Ingen relaterte artikler.