
|
Gjennombrot for fellestanken
Felles opptak og seleksjon (FOS) for tre befalsskuler er gjennomført på Kjevik.
- Heil klart vegen å gå vidare, seier oberstløytnant Rune Jomaas, sjef FOS.
Av Frank Rosvoll, Forsvarets mediesenter og Torstein Liene (foto) FOS-info Kjevik
DET GLADE BUDSKAP: Desse ungdommane var blant dei som kom inn på Hærens ingeniørskole. Dei var ikkje seine om å melde frå til dei heime om at det gjekk vegen. Nærmast ser vi befalselev Nan Barås.
Kaptein Kjetil Rød frå Hærens ingeniørskole (HIS) seier til Forsvarsnett at skulen tidlegare har slitt med rekrutteringa. Han er klar på at FOS har bidratt til at skulen denne gongen fekk tilgang til fleire og betre kandidatar enn kva dei ville fått om dei hadde gjennomført opptak på eiga hand.
- Ikkje alle 19-20 åringar er like bevisste på kva utdanningstilbod som høvar best for dei når dei søker seg til Forsvaret. I alle fall gjer FOS at vi får synliggjort ingeniørskulen for langt fleire aktuelle kandidatar, noko som kjem både kandidatane og skulen til gode, seier Rød.
Fleire å velje blant
Hærens ingeniørskole, som var ein av tre befalsskular på Felles opptak og seleksjon, fekk tilført ytterlegare sju kandidatar til skulen ved oppstarten på aspirantperioden. 30 kandidatar fekk i dag tilbod om å bli elevar ved skulen. Også Luftforsvarets befalsskule fekk tilført fleire sterke kandidatar, kandidatar som opprinnelig hadde søkt å komme gjennom det særs trange nåløyet til Forsvarets skole i etterretnings- og sikkerhetstjeneste (FSES).
- Det er ikkje til å leggje skjul på at vi slik blei tilført ungdomar som har vært sterke kandidatar til å komme inn på Luftforsvaret sin befalsskule. I mange tilfeller kandidatar som elles ikkje ville ha søkt seg til Luftforsvaret, seier obersløytnant Rune Jomaas.
Han legg til at Forsvaret har fått tilført 29 jenter som valgte å ta fystegongsteneste, etter at dei ikkje kom vidare i starten av opptaksrunden.
- Dette er ressurssterke jenter som normalt ikkje ville tatt fystegongsteneste, seier Jomaas.
Tøft opptak
Ein av dei som har teke del i FOS som kandidat, er 18 år gamle Israr Khan frå Oslo. I dag fekk han vite at han er ein av dei som blir teke opp som elev hjå Luftforsvarets befalsskule. Han startar opp som elev ved KIS-utdanninga (kommunikasjons- og informasjonssystem).
- Heilt klart ein stor dag for meg. Eg var ferdig med videregåande skule i vår, og bestemte meg for å søke befalsutdanninga tre månader før fristen gjekk ut. Eg fekk anbefalt utdanninga av ein venn, seier ein fersk og svært glad befalselev.
FYLGDE ANBEFALINGA: Israr Khan frå Oslo fikk kjennskap til utdanninga gjennom ein venn i Forsvaret.
Khan synes opptaket har vore tøft, men ikkje noko han ser på som ei stor påkjenning.
I likskap med kullkameratane sine ser han ikkje bort frå at han kjem til å feire at han lukkast med å komme inn.
Vellukka konsept
Jomaas som nett har takka av som sjef for Luftforsvarets befalsskule, er oppteken av at ikkje må sjåast på som eit grenvist prosjekt, og at konseptet ikkje må ende opp i ein lokaliseringsdebatt om kor FOS skal arrangerast i framtida.
- Det er konseptet som har vore vellykka, slår han fast.
Kjetil Rød frå HIS seier at FOS har vært fleksibelt, slik at det også er rom for å vise dei ulike egenskapane og trekk dei ulike utdanningsinstitusjonane har.
|

|