
|
Medaljedryss over 335-skvadronen
Under ei høgtideleg markering på Gardermoen flystasjon delte forsvarssjefen ut medaljar til veteranar frå 335-skvadronen, for teneste i internasjonale operasjonar.
Av Frank Rosvoll og Magnus Iversen (foto), Forsvarets mediesenter
TAKKSEMD: Forsvarssjef Frisvold takkar ein av dei mange veteranane som vart heidra under medaljeoverrekkinga på Gardermoen flystasjon i dag.
Medaljeutdelinga kom i stand på initiativ frå FN-veteranforeninga i Bergen og Hordaland, og ikkje mindre enn 150 personar blei heidra med diplom og Forsvaret sin medalje for internasjonale operasjonar. 93 av dei som er tildelt medaljen møtte sjølv opp på skvadronens heimebase. På vegne av Forsvaret takka general Sigurd Frisvold kvar og ein, for innsatsen dei har lagt ned i skavdronen sin lange og krevjande teneste i internasjonale operasjonar. 335-skvadronen har sidan opprettinga i 1946 vore ein arbeidshest i Forsvaret, og gjennom dei mange internasjonale operasjonane også ei av Forsvaret sine mest profilerte einingar framheldt forsvarssjefen. Det er menneskja som har gjort, og gjer avdelinga til kva den er i dag.
- Veteranane som er her i dag har vist veg for oss som tenestegjer i 335-svadronen. Dei var pionerane, seier dagens skvadronsjef, oberstløytnant Anne Katrine Reiersølmoen.
Takksame
Det var mange flotte eldre herrar å sjå under medaljeoverrekkinga på Gardermoen. Med sølv i håret og stram blazer var det ikkje nokon tvil om at skvadronens eldre garde held stilen på ein framifrå måte. Dei Forsvarsnett snakke med ga uttrykk for at dei syntes det både var hyggeleg og høgtideleg at Forsvaret gjorde stas på dei. Triveleg var det også å treffe tidlegare kollegaer og kameratar som ein har mange minner og dele med.
- Vi bur jo spredt, så det er ikkje så ofte ein har moglegheit til å treffast. Eg kan ikkje seie anna enn at eg savnar tida i skvadronen frå tid til anna, derfor er det desto hyggelegare når vi kan samlast. I tillegg er det jo ein spesiell anledning, seier Kjell Ragnar Bekkevold, som tenestegjorde som flygar i Luftforsvaret frå 1962 til 2000.
|

|