
|
Jåttå kan få Irak-rolle
Nato legg opp til at alliansen sitt kommandosenter på Jåttå får ei sentral rolle i den opplæringa av irakiske tryggingsstyrkar som skal finne stad utanfor Irak, ifølgje Forsvarsdepartementet.
Av Frank Rosvoll, Forsvarets mediesenter
FORTSATT IRAK-ENGASJEMENT: Forsvaret vil fortsatt vere engasjert i arbeid knytta til Irak. Biletet er tatt då Telemark bataljon sitt ingeniørkompani var engasjert i Irak. Arkivfoto: NCC
Noreg vil bidra til å verkeleggjere Nato sitt vedtak om hjelp til opplæring av Irak sine tryggingsstyrkar. I tillegg til at Nato sitt Joint Warfare Center, JWC, i Stavanger kan få ei rolle, ser Forsvarsdepartementet (FD) på moglegheiten for å kunne bidra med eit mindre antall militært personell i opplæringa som finn stad i Irak, heiter det i fråsegna.
40 irakarar
Ifølgje departementet planlegg Nato med at senteret i Stavanger får ei sentral rolle i den opplæringa av tryggingsstyrkar som skjer utanfor Irak. Ei gruppe på 40 offiserar frå dei irakiske tryggingsstyrkane kan få ei to veker lang opplæring ved JWC på hausten. Noreg er bedt om å yte vertlandsstøtte til denne opplæringa i form av transport, samt kost og losji under opphaldet. Desse kostnadane, omlag 300 000 kroner, vil verte tatt av det ordinære forsvarsbudsjettet. Dei øvrige utgiftane vil verte dekt av Nato.
- Positiv rolle
- Den rolle JWC er tiltenkt i Nato sitt opplæringsprogram er positiv sett fra norsk side, sier forsvarsminister Kristin Krohn Devold. Som vertsnasjon for JWC vil Noreg på ein konkret måte hjelpe til oppfølging av Nato sitt vedtak i Istanbul om stønad til trening av irakiske tryggleikstyrker. Senteret på Jåttå er særleg eigna for denne typen opplæring, meiner ho.
Nordmenn i Irak
Ei evalueringsgruppe under kommando av Nato sin sørkommando i Napoli er for augneblinken i Irak for å analysere og klarleggje treningsbehovet til irakarane. - Fire norske offiserar i Nato-teneste deltek i gruppa på ca 45 personell. Teamet skal utarbeide ein rapport til Nato sitt råd innan midten av september. Dette vil vere grunnlag for den vidare innretning av Nato sin stønad i og utanfor Irak, melder pressetalsmann Martin Lohne i Forsvarsdepartementet.
|

|