
|
MIL NORDISK-04: Noreg starta med fem sigrar
I går starta militært nordisk meisterskap i skyting i Østerdal garnison, Terningmoen leir. Dei norske deltakarane sikta seg inn på nok ein medaljehaust. Dei sikta godt.
Av Frank Rosvoll, Forsvarets mediesenter
NORDISK KAPPESTRID: I dag tevla skyttarane mellom anna i 3x20 presisjon på 200 metersbanen. Der vart det norsk lagseier.
Dei norske skyttarane skaut til dels svært godt under militært VM i Tyrkia tidlegare i år. Dei har ambisjonar om å prestere godt også under Militært nordisk meisterskap i skyting, som starta i dag på Terningmoen.
- Vi har vorte bortskjemde med medaljar i nordisk tidlegare, og kan ikkje legge lista noko lågare no, seier kaptein Ståle Larsen, trenar for dei mannlege rifleskyttarane.
Det var i allefall ikkje noko overdriving. Det norske geværlaget (herrar) starta dagen med lagseier på presisjon 3x20, der det jamvel vart gull og sølv individuelt til henhaldsvis korporal Gunnar Halbjørhus og korporal Hans Christian Wear. Også dei norske pistolskyttarane skaut godt. Herrane vant lagseier, og major Petter Bratli vant gull individuelt. Fenrik Pål Hembre kom på 2. plass. Fenrik Marianne Ullvassveen vant individuelt gull på pistol damer.
Nordisk forbrødring viktigst
- Det er lange tradisjonar bak dei militære nordiske meisterskap i skyting, både som ein krevjande skytekonkurranse og som ei fylking over landegrensane i Norden. Eg meinar at det internasjonale venskap som skipast under slike meisterskap er viktigare enn å vinne, sa garnisonssjef Per Victor Nygaard i si velkomsthelsing til skyttarane.
Det er i alt 72 deltakarar og leiarar som tek del i meisterskapet. Dei skal skyte det sokalla OL-programmet, seier Stig Nylund, presse- og informasjonsansvarleg for stemnet. I OL-programmet inngår disiplinar som presisjon-, hurtig- og feltskyting i ulike kombinasjonar. Våpna som nyttast er salong, rifle og pistol.
GULLE'GODT: Dei norske pistolskyttarane bidrog til ein sterk norsk start på det nordiske meisterskapet.
I dag blei det skote gevær damer 60 liggande, herrar presisjon 3x20, og pistol for både damer og herrar.
Skyttarmiljøet bistår
Det er Østerdal garnison som arrangerer stemnet. I tillegg bistår personell fra Forsvarets skyteutvalg (FSU) og FLO teknisk verksted på Elverum. Frå det sivile skyttarmiljøet er både Løiten - og Elverum skyttarlag med for å avvikle ulike displinar, mens Det frivillige Skyttervesen og Norges Skytterforbund tar seg av henhaldsvis sekretariatsfunksjonar m/resultatservice og stemnestyring. Ti elevar frå Toppidrettsgymnaset i Kongsvinger hjelper til på standplassane som servicefolk for skyttarana.
Dei kjem frå HV
Det er liten tvil om at sambandet mellom Forsvaret og dei sivile skyttarmiljøa er sterke. På det 11 mann store norske geværlaget (herrar) kjem til dømes dei aller fleste frå HV. Dei trenar til dagleg hjå sine skyttarlag heime i lokalmiljøet. Trenar Ståle Larsen legg til at HV tradisjonelt er ei våpengrein som legg stor vekt på skyttarsport, og at det nok ikkje er tilfeldig at HV-folk dominerer stort bland dei militære landslagsskyttarane. I tillegg kjem det at det bland HV-folka er forhaldsvis mange som kjem frå Det Frivillige skyttervesen. Larsen seier til Forsvarsnett at dei har månadlege samlingar av dei militære landslagsskyttarane.
- Vi tror at det har ein god effekt å la landslagsskyttarane møtast. Vi ser at det å vere og trene i eit sterkt miljø, bidreg til å heve den einskilde skyttar, seier kaptein Larsen.
I dag så vi at treninga har gitt særs gode resultat.
|

|