
|
Mykje folk på open dag
2500 menneskje kom innom portane for å vere med på festen då Luftforsvaret baud på "open dag" i anledning at våpengreina fyllar 60 år.
Av Frank Rosvoll (tekst og foto), Forsvarets mediesenter
MANGE NYFIKNE: Omlag 2500 menneskje var innom portane då Gardermoen flystasjon arrangerte open dag på laurdag. Der fekk dei mellom anna ta ein Tiger Moth i nærare augesyn.
Ikkje berre Luftforsvaret har blitt "godt vaksen". I 35 år har arbeidshesten C-130, betre kjent som Hercules, vært eit viktig bidrag i 335-skvadronens transport av personale og utstyr verda over. I høve dobbelt-jubileet vert det arrangert "open dag" på Gardermoen flystasjon på laurdag, der publikum vart inviterte til å vitje Luftforsvaret.
Mykje for dei minste
Dei fekk sjå fleire type fly og helikoptre, derav nokre som for lengst er tekne ut av teneste. Dei mange borna kunne også kose seg med trylleshow, oppvisning med hundane frå Forsvarts hundeskole, og konsert med sangfuglen Maria Haukås Storeng frå den landskjende Idol-konkurransen. Major Bjørn Bertheussen, presseoffiser ved flystasjonen, seier arrangementet på laurdag blei særs vellukka, og at ikkje minst dei mange borna let til å storkose seg. Ikkje minst noko så lite originalt som å klatre fenga.
- Det var omtrent kø for å rappelere bland ungane, då dei let til å synes at dette var spennande. Alt i alt vil eg seie at arrangementet vart avvikla på ein veldig god måte, og at det var positivt at så mange vitja flystasjonen, sier major Bertheussen.
Avansert teknikk
I tillegg til ni ulike typar fly og helikoptre frå ulike periodar i Luftforsvaret, stilte også brann- og plasstenesten på flystasjonen med materiell. Svære og ulike typar av brann- og skumleggingsbilar var populære. Både store og små nytta høvet til å sjå nærare på dei avanserte kjøretya. Folka frå branntenesten la villig ut om detaljane for dei vitelystne. Som rekrutteringstiltak kan nok ein slik dag også ha sin misjon. Dei mange ungane som sprang frå det eine flyet til det andre med store auge, blei kanskje meir aktuelle som framtidas militære.
- Eg skal nok ikkje bli politi. Eg trur heller eg vil bli helikopterpilot farmor, kom ein pjokk som vende tilbake til gamlemor etter ein tur inne i Bell-helikoptret.
|

|