
|
Med arabisk som pensum
Forsvarets skole i etterretnings- og sikkerhetstjeneste (FSES) har starta undervisning i arabisk. Ti elevar tek det om lag 20 månadar lange kurset. Når dei er ferdige, kjem dei til å sitte att med unike språkkunnskapar, og Forsvaret har fått tilført ein ny og unik kompetanse.
Av Frank Rosvoll og Torgeir Haugaard (foto), Forsvarets mediesenter
ARABISKUNDERVISNING: Lektor Jan Juchelka er ein av dei to lektorane som undervisar i arabisk ved FSES.
La det vere sagt. Dei ti som slit skulebenken i leiren på Lutvann representerer ikkje noko tverrsnitt av norske studentar. Det forventast å tileigne seg 300 nye glosar kvar veke. Dei har undervisning frå klokka 08.00 til 15.00, med høgt tempo. Etterpå vil dei ti elevane halde fram med fire til fem timar sjølvstudium. Kvar fredag må dei i gjennom to prøvar, der minstekravet for godkjend er minst 70 prosent riktig.
- For å seie det slik. Hvis du mister ein dag på skulen, vil du få mykje å ta igjen. Nå er våre elevar iherdige, motiverte og arbeidar hardt for å tileigne seg språket, seier Anne Birgitta Nilsen, lektor i arabisk ved FSES.
Vanskeleg språk for nordbuarar
Saman med lektor Jan Juchelka driv Nilsen undervisninga i faga klassisk arabisk og egyptisk dialekt. Egyptisk dialekt avdi den er lettast forståelege dialekta i den arabiske verden, utbredt gjennom den egyptiske medie- og underhaldningsindustrien. Med unnatak av ein, har ingen av elevane på kurset arabisk bakgrunn.
Om tempoet og krava dei møter i kurset er harde, er ikkje språket noko lettare å tileigne seg.
- Saman med kinesisk, japanske og koreansk er arabisk rekna som det vanskelegaste språket å lære for ein som har eit vestleg språk som utgangspunkt, til dømes ein nordmann.
- Vanskelegare enn finsk?
- Klart verre enn finsk, forsikrar Anne Birgitta Nilsen.
Må kunne nytte
Inne i skulens mykje nytta språklaboratorium puggar elevane nye glosar. Bøyd over bøkene og med høyretelefon på hovuda sug dei til seg nytt ordtilfang gjennom lyd og skriftteikn. Fokus er mest retta mot å oppnå praktiske ferdigheitar, slik at mykje av timane blir nytta til muntlege øyvingar. Seinare kjem også opphald i ulike arabiskspråklege land. Dei to lektorane gjev uttrykk for at det morsomt å jobbe med dei ti elevane som fekk plass etter å ha blitt undersøkt gjennom sokalla skuleprognosar (IQ-testar), på bakgrunn, og gjennom fleire intervju. Dei på FSES bommar sjelden på språkelevane sine.
- Dei som går her, fullfører som regel. Vi jobbar med få elevar. Progresjonen er snøgg, og vi kan gje dei store arbeidsmengder. Det er givande å jobbe med slike folk, seier lektor Nilsen.
Målsetjinga med kurset er å få elevane til å ta til seg kunnskapar, og få dei til å omsetje det i praktiske ferdigheitar. Anne Birgitta Nilsen meiner elevane er heldige som får ta kurset.
- Dette er truleg den beste undervisninga ein kan få i praktisk arabisk her til lands. Undervisninga på universitet er til samalikning meir teoretisk. Her lærar dei å snakke å språket. Når dei er ferdige på FSES, sitt dein att med unike ferdigheitar i arabisk, seier ho.
Ein militær kapasitet
Kunnskap i framande språk er ein militær kapasitet. Til dømes er ikkje alle oppdrag av ein slik art at ein kan nytte seg av lokale tolkar for norske avdelinger i internasjonal teneste. Berre det å finne tilstrekkeleg med tolkar kan by på praktiske problem.
- Det er forstått at Forsvaret har bruk for arabisk-språklege, seier major Bente Sandkleven frå språkseksjonen ved FSES.
Ho legg ikkje skjul på at ein gjerne skulle hatt ressursar til å utdanne folk i fleire språk enn kun russisk og arabisk.
Ho hadde gjerne sett at FSES blei tilført ressursar til å undervise i fleire språk, som til dømes farsi, dari, pashto og tyrkisk, språk som nyttast av mange i den arabiske verda sine omrkingliggande områdar. Norges fortsatte engasjement i Afghanistan vil spesielt stille krav om språkkompetanse innen dari og pashto.
Resurskrevjande utdanning
På spørsmål om kvifor ikkje Forsvaret berre kan nytte nordmenn som har arabisk som eit annet morsmål, seier major Sandkleven at denne løysinga ikkje er så opplagt som ein skulle tru.
RESURSKREVJANDE: - Rekruttering av tolkar til internasjonale operasjonar er tid og resurskrevjande, sier major Bente Sandkleven.
- Mange andre-generasjons nordmenn med basis i eit anna språk kan ofte ikkje så mykje utover dagligtale. I tillegg kjem det at ein person må kunne sikkerheitsklarerast, og ha ei grunnleggjande militær kompetanse, seier ho.
Rekruttering av tolkar med riktig språklig kompetanse til internasjonale oppdrag er tid- og resurskrevjande. Det tar ifølgje major Sandkleven eitt og eit halvt til to år å utdanne ein person til å beherske eit språk ”rimeleg bra”. Språkseksjonen ved FSES held seg til Nato's standard 6001, når dei sett krav til kva ein ferdigutdanna elev skal kunne. Der nivå fem er det beste, skal elevane som lærar arabisk vere på nivå tre i muntlig, lytte- og lesedugleik. I skriftleg ventast det at dei minst kjem opp på nivå to. Ein som har kunnskap på nivå tre kan fungere som tolk på taktisk nivå. Det er ikkje godt nok for å tolke på høyt, som til dømes i forhandlingar. Av dei ti arabisk-elevane ved FSES har fleire tatt språkkurs ved FSES tidlegare, og fleire er tilsatt i Forsvaret. Dei av elevane som ikkje er tilsatt i Forsvaret, blir pålagt 20 månaders pliktteneste etter Forsvaret sitt behov, innanfor ein 36 månader lang periode etter at dei har fullført kurset.
|

|