Forsiden Aktuelt Presse Pekere Fakta Send spørsmål Nettstedskart Søk
 
Forsvarsnett :

Innhold


Forsvarsnett
Forsvarets mediesenter
Oslo mil/Akershus
0015 Oslo

 



Gro Anita Furrevik, FMS, 2004-09-13


Utseld festforestilling

Frå skarpe vendingar til mjuk dansing. Norsk Militær Tattoo markerte sitt tiårs jubileum med eit variert program denne helga. Og publikum vart både imponerte og skremde.

Av Åge Andre Breivik og Mariann Dybdahl (foto), Forsvarets mediesenter


PRESISJON: The US Navy Ceremonial Drill Team viste at det var ei samkøyrt gruppe soldatar som stod på scena.

Norsk militær tattoo feira - med tre festframsyningar fredag og laurdag - at dei har heldt ut i ti år. Med Forsvarets stabsmusikkorps som husorkester inntok fleire store internasjonale gjester storsalen i Oslo Spektrum, der alle setene var utselde.

DELTAKARAR I ÅR:
The United States Navy Band (USA), The Central Band of The Army of The Czech Republic (Tsjekkia), The Guard’s Band of Helsinki (Finland), The United States Navy Ceremonial Guard Drill Team (USA), The Top Secret Drum Corps (Sveits), Talentholdet (Danmark), The Berlin Police Motorcycle Display Team (Tyskland), Malmöflickorna (Sverige), The Brazz Brothers (Noreg), Hans Majestet Kongens Garde (Noreg), Forsvarets stabsmusikkorps (Noreg), Kongelige Norske Marines Musikkorps (Noreg).
Korps med humor
Tattooen i år hadde innslag frå ni forskjellige land, med ymse tema. Tradisjonelle korpsinnslag, ung dansing og turning var noko av det publikum fekk sjå. The Central Band of the Army of the Czech Republic opna førestillinga i Spektrum. Med sine musikalske stykker fekk dei vist sitt norske publikum kva som skjuler seg i tsjekkisk musikk, i tillegg til at dei fekk publikum til å dra på smilebanda. For i tillegg til presisjon i marsjeringa, viste korpset seg frå ei litt meir munter side. I ein av sine marsjar hadde dei lagt inn moment som kunne tyde på at dei har det morosamt med det dei gjer, med ymse ablegøyer rundt si framsyning.

Halsbrekkande
I motsetnad til dei tradisjonelle mannlege aktivitetane på tattooar, stod dei skandinaviske innslaga på programmet. Frå Sverige kom Malmöflickorna, ei oppvisningsgruppe som driv med det ein i Noreg kjenner som rytmisk sportsgymnastikk. Med sin godt synlege presisjon passa dei godt inn i programmet, og fekk vist at det ikkje berre er militære som kan vere nøyaktige.


AKROBATAR: Tradisjonelle korpsinnslag, ung dansing og turning var noko av det publikum fekk sjå.

Frå Danmark kom Talentholdet, ei turngruppe som viste fram halsbrekkande "stunts". Fleire gonger under deira framsyning gjekk det eit gisp gjennom publikum. Med imponerande nummer viste gruppa fram eit program som ikkje stod til alderen på utøvarane.

Nordmenn fullt på høgde
Det var ikkje berre turnarane som fekk publikum til å sperre opp augo. The US Navy Ceremonial Drill Team viste fram ei drilling som lett kunne enda i skader. Undervegs i drillen vart det kasta våpen i alle retningar, og fleire gonger kunne publikum konstatere at det var ei samkøyrt gruppe soldatar som stod på scena.

Hans Majestet Kongens Garde var også til stades med si drilltropp, og fekk vise seg fram for det norske publikummet. Med berre vernepliktige soldatar var Garden likevel fullt på høgde med dei andre korpsa som var med på Tattooen.

Overlast
Frå Sveits kom Top Secret Drum Corps, som trass i namnet har utmerka seg som eit av dei beste trommeensembla i verda. Med opptredenar på fleire store arrangement rundt om i verda har dei etablert seg som eit underhaldande tattooinnslag. Med sin presisjon og sitt tempo var det til tider vanskeleg å fylgje med på kvar ensemblet tromma.


"TROMMISAR": Frå Sveits kom Top Secret Drum Corps, som trass i namnet har utmerka seg som eit av dei beste trommeensembla i verda.

Noko overraskande var det berlinske politiet sitt motorsykkelshow, der opp til 24 personar var på ein motorsykkel på ein gong. Med ombygde syklar med og utan sidevogner viste politiet seg frå ei anna side enn den ein vanlegvis ser dei i gatene.

Kampen mellom krigsskulane har vore arrangert tre gongar tidlegare. Major (R) Leif Feiring sette i 1998 opp vandretrofé, som vinnaren får til odel og eige etter tre sigrar. Hæren vant i 1998 og 2000, og Sjøkrigsskulen i 2002. Etter årets konkurranse får Hæren pokalen til odel og eige.

Mykje kunne gå gale
Dei siste gongane har tattooen også inneheldt ein konkurranse mellom dei norske krigsskulane. I kampen om vandretrofeet var det også denne helga konkurranse. Krigsskulen gjekk av med sigeren for tredje gang, og fekk trofeet til odel og eige. Det må altså skaffast nytt trofe til neste tattoo i 2006.

Forsvarets Stabsmusikkorps var under leiing av major Frode Thingnæs husorkester under den femte norske militærtattoo.
- Det er mange elementer som skal klaffe, og me har hatt minimalt med prøvetid. Men det meste gjekk fint, seier Thingnæs.

I finalen, som Thingnæs har arrangert musikken til var det 600 personar med, så mykje kunne gå gale.
- Små tuer kan velte store lass, smiler Thingnæs som meiner det meste gjekk optimalt i helga.

NORSK MILITÆR TATTOO:

  • Arrangert fyrste gang i Vikingskipet på Hamar i 1994.
  • Flytta permanent til Oslo Spektrum i 1996.
  • Blir gjennomført kvart andre år.
  • 10 års jubileum i 2004.




  •  

    Relaterte artikler
    Ingen relaterte artikler.