Forsiden Aktuelt Presse Pekere Fakta Send spørsmål Nettstedskart Søk
 
Forsvarsnett :

Innhold


Forsvarsnett
Forsvarets mediesenter
Oslo mil/Akershus
0015 Oslo

 



Jahn Rønne, 2004-09-15


Slutt på skyte- og vinterskulen

Skyte- og vinterskulen på Terningmoen blei 143 år. No er den sentrale skulen nedlagt. Soldatar og befal må innstille seg på opplæring og kurs ved andre institusjonar i Forsvaret.

Av Lina Mathilde Hvidsten Gjedrem, Forsvarets mediesenter


GJESTER: Det var mange som hadde funnet veien til forsamlingssalen på Terningmoen da skolen ble erklært nedlagt. Foto: Knut Henrik Aas.

Infanteriet og kavaleriet har hatt eigne våpenskular, men som eit ledd i omorganiseringa av Hæren blir skulen på Terningmoen i Elverum no lagt ned.
Skulen har vore ein ledande institusjon for både utviklings- og kompetansesenter for infanteriet, utdanning av befal og støtte til utdanning.
Sjølv om Hæren blir mindre, vil verksomheita fortsette. Den vert no konsentrert i fungerande avdelingar, som infanteriet på Skjold, Telemark bataljonen og jegerforbandet. Opplæring og kurs er fordelt ut til ulike avdelingar.
Hærens transformasjons- og doktrinekommando (TRADOK), ivaretar utviklinga vidare.


SISTE SKOLEDAG: Oberst Svein Ruderaas hadde samlet veteraner og venner av skyte- og vinterskolen på Terningmoen til en markering av nedleggelsen. Foto: Knut Henrik Aas

Siste sjef der, oberst Svein Ruderaas, inviterte i den anleiinga tidlegare infanteriinspektørar og tidlegare ansette til ei markering torsdag 9. september. Institusjonen vart starta opp i 1861. Den har hatt ein sentral rolle i oberstens tid i infanteriet.
- Det var vemodig, seier oberst Ruderaas og fortel at dagen vart feira med ei historisk gjennomgang fra start i 1861 fram til i dag.
- Generalmajor Lars Sølvberg haldt eit foredrag om utvikling og vegen vidare for Hæren. Det vart og fremvisning av den historiske våpensamlinga, samt festlunsj med talar. Ein dag kor mange gamle krigarar møttes og mintes, fortel Ruderaas.


KURS: Skyte- og vinterskolen for infanteriet hadde både nasjonale og internasjonale elever. Arkivfoto: Bjørn Myrseth, Hæren

Fakta om skyte- og vinterskulen:
(Kilde: http//:kristiansten-festning.no/infanteriet.htm og "Kontakt med Hæren")

  • Skyte- og vinterskulen vart etablert 21. august 1861, då det fyrste kurset blei avholdt. Kurset hette "Instructionsskole i Skiveskydning" og var frå starten ingen fast institusjon.

  • Flytta til Terningmoen i 1896.

  • Frå 1902 vart Skyteskulen ein fast institusjon med eigen sjef og faste lærarar.

  • Med hærordninga av 1927 vart stillinga som sjef kombinert med stillinga som generalinspektør for Infanteriet.

  • I 1932 vart Infanteriets skyteskule og Infanteriets vinterskule slått saman til Skyte- og vinterskulen for Infanteriet. (Vinterskulen blei oppretta i 1923 og hadde tilholdsstad på Hvalsmoen.)

  • Frå 1945 (etter frigjeringa) vart skulen igjen ein sjølvstendig institusjon.

  • I 1955 vart Hærens fjellskule oppretta og seinare smelta saman med Skyte- og vinterskolen.

  • I 1983 fekk Infanteriregiment nr 5 (IR5) det forvaltningsmessige ansvaret for Terningmoen. Faglig var skulen underlagt Infanteriinspektøren.

  • Skulen gjekk over til ny organisasjon frå 1. august 2002, og då Oppland regiment/infanteriinspektøren vart nedlagt 6. september 2002, vart kommandoen overført til Kampinspektøren.

  • Skulen har hatt følgjande fagansvar:
    infanteristrid, infanterivåpen, jeger- og patruljeteneste, vinterteneste, strid i bebygd område (Sibo), nærkamp, overleving.





  •  

    Relaterte artikler
    Ingen relaterte artikler.