
|
Soldatgevinst for fullført teneste
I stadsbudsjettet for 2005 har regjeringa foreslått å auke dimisjonsgodtgjeringa. Frå 1. januar kan alle vernepliktige som fullførar 12 månaders fyrstegongsteneste verta 6100 kroner rikare.
Av Lina Mathilde Hvidsten Gjedrem (tekst) og Mariann Dybdahl (foto), Forsvarets mediesenter
GLEDELEG BUDSKAP: Om regjeringas forslag vert vedteke, vil vernepliktige få auka dimmegodtgeringa etter fullført førstegongsteneste. Arkivfoto: FMS
I dag mottek alle vernepliktige 8900 kroner etter fullført fyrstegangsteneste. I regjeringa sitt forslag aukes denne godtgjeringa til 15 000 kroner frå og med 1. januar 2005.
- Dette betyr utruleg mykje for soldatane, seier Per Øyvind Voie, landstillitsvald for dei vernepliktige. Han peiker på at dei kronene som er dimisjonsgodtgjeringa no, ikkje dekk depositum i ei leilegheit ei gong. - Noko som er svært viktig når ein skal ut i arbeid eller på skule etter end fyrstegangsteneste, legg han til.
Motiver soldatane
- Pengane vil nok på mange måtar verka som ein bonus. For dei som er i tvil, kan dette være det som får skåla til å vippe i positiv retning. Tilbake vil nok Forvaret få fleire motiverte soldatar, uttaler Voie.
- Det har vore ein lang kamp om å heve statusen til vernepliktige og fyrstegongstenesta, meddel Voie. Han legg til at det må rettas ros til Kristin Krohn Devold, som endeleg har teke 10 000 vernepliktige på alvor.
Tre i teneste:
Kva tykkjer du om at du kanskje får meir dimisjonspengar enn venta?
Kva skal dei brukast på?
Torje Pedersen
Tenestegjør i Garden.
- Det er topp! Då vert det litt ekstra å reise til Syden og festa for.
Tore Grønmyr Tenestegjør på sambandssenteret.
- Det er flott det! Veit ikkje heilt kva dei skal skal brukast til ennå.
Anders Pavinder Fanuelsen
Tenestegjør ved AK transport.
- Herlig! Det blir vel litt ekstra på festing og klær.
|

|