
|
Stadig kvassare kampfly
- Som Luftforsvaret si viktigaste våpenplattform, må kampflya oppgaderast slik at dei held fram med å vere relevante og gripbare, seier leiaren for Luftoperativt inspektorat, brigader Morten Haga Lunde.
Av Frank Rosvoll, Forsvarets mediesenter
GRIPBAR OG RELEVANT: Oppgraderinga av kampflya gjer det mogleg å leve opp til målsetnaden. Arkivfoto: Mariann Dybdahl, FMS.
Når han gjer greie for kvifor det er naudsynt å oppgradere dei aldrande F-16-flya, syner han til dreininga i retning deltaking i fleirnasjonale styrkar. Til dømes EPAF (European Participating Air Forces).
- Når vi er ein del av slike styrkar, er det ikkje noko ulempe at landa som utgjer styrken nyttar dei same flytypane og tilnærma likt utstyr i øvrig. Det gjev meir effektiv - og ikkje minst rimelegare bruk og vedlikehald. Kort sagt oppnår vi stordriftsfordelar ved å gjere det slik. Det fordrar at også vi i Norge følgjer med når vi oppgraderar vår flypark, ved at faktisk foretek oppgraderingar og at vi veljer utstyr likt og kompatibelt med våre samarbeidspartnarar, seier brigader Haga Lunde.
To av prosjekta som skal gjere dei norske F-16-flya budd til innsats i framtida, er M3 og Pantera.
Taktisk datalink
M3 er nemninga for den siste oppgraderinga av F-16 jagarflya, som har hatt tre oppdateringar i tilknyting til MLU-programmet (Mid Life Update). Eit av hovudelementa i M3 er at flya får Link 16, som den fyrste våpenplattforma i kongeriket. Link 16 er nemninga på ein taktisk datalink. Ein effekt av denne er at ein minskar behovet for kommunikasjon over radiosamband mellom pilotane. Informasjon blir i staden utveksla over ein liten skjerm til venstre for piloten i cockpiten.
På den får flygaren inn meldingar, statusoppdatering, engasjementsordrar og koordinatar. Systemet gjer at ein får eit klarare bilete av kva som skjer, og i større gard enn før unngår mistydingar og feilvurderingar som følgjer i ein kampsituasjon.
Nytt hjelmsikte
Den andre store endringa for F-16-pilotane som følgjer M3 er innføringa av eit nytt hjelmsikte, med eit 360 gradar ”head up display”. Relevant data kjem til syne på visiret. Pilotane kan velje om radar eller våpensystem skal følge piloten sine hoderørsler. I praksis kan flygaren bekjempe mål i 90 gradar ut frå sidene ved å å vri på hovudet og peike på målet med hjelmen. Det er ikkje nødvendig å leggje flyet i ein spesiell angrepsposisjon. Måla kan takast ut ved at piloten ser og markerer på det reint visuelt. Ein hjelm med såkalla ”Helmet Mounted Cuing System” kostar om lag 1,5 millionar kronar.
M3 gir F-16-flya moglegheit til å droppe GPS-styrte våpen (satelittbasert navigeringssystem), og det er dette som gjer at flya endrar status til jagarbombefly som kan operere uansett verforhold. I praksis tyder det at norske F-16 er i stand til å bruke bomber med ein presisjon på 5-10 meter, noko som er klar betring av presisjonen. Dei 57 F-16 flya er planlagd oppgradert til M3-standard innan 2009, men allereie i 2006 tek oppdateringa M4 til. Den vil stort sett dreie seg om betringar av programvaren i flya.
Ny målbelysningspod
Pantera Targetting Pod er eit anna prosjekt som skal gjere dei norske kampflya betre i stand til å droppe laserstyrte bombar på ei enklare og meir effektiv måte. Pantera er eit målbelysningssystem som heng under sjølve flykroppen, og som kan lyse opp eit mål på bakken med ein laserstråle. I pod-en er det både TV og infrarødt kamera, slik at flygaren kan sjå eit mål ovanfrå. Det gjev sjølvsagt meir oversikt enn kva ein FAC (Forward Air Controll) i felten kan gje, men den er ikkje meint å erstatte samarbeidet med spesialildleiarane på bakken.
- Nei, FAC-ane er våre etterretningskjelder på bakken, men målbelysningspoden gjev oss auka fleksibilitet når eit mål skal takast ut. Dermed kan operasjonen gjerast meir effektiv, seier major Tord Aslaksen, stabsoffiser ved Luftoperativt inspektorat på Rygge.
Så langt har Luftforsvaret teke i mot åtte slike målbelysningspodar. Major Aslaksen opplyser til Forsvarsnett at Forsvaret eigentleg skulle ha tinga tolv fleire, men at ein no jobbar med å finne økonomisk rom til å kjøpe minst seks podar til.
|

|