
|
Slåss-landsby er opna
RENA: Når norske soldatar skal øva på strid i tettbebygd område, har dei ein heil liten landsby til rådighet. SIBO-landsbyen (Strid i bebygd område) er laga av store betonghus og vert no leia av Rena leir.
Av Lina Mathilde Hvidsten Gjedrem og Mariann Dybdahl (foto), Forsvarets mediesenter
BYTRENING: Sersjantane Kristian Saxrud Bekken (t.h) og Magnus Spæren Rørvik demonstrer korleis ein kan bruka SIBO-landsbyen.
Torsdag 14. oktober skreiv Rena leir under avtalen om å leie SIBO-landsbyen.
Entreprenørane kan endeleg seie seg ferdige med bygginga av landsbyen. Difor kunne dei gje frå seg landsbyen til utbyggingsprosjektet, kor dei igjen kan gje det til markedsområdet, som Rena leir leiar av.
Ikkje berre for Rena
Dersom ein køyrer vekk frå sjølve leiren og fylgjer ein lang asfaltert veg, forbi øvingsområde, freda område og panservogner, då kjem du omsider til ei stor rundkøyring. Like til høgre for den ligg SIBO-landsbyen på Rena.
Den nye landsbyen Rena leir no leier av Forsvarsbygg.
- Det er stadig meir fokus på strid i bebygd område, sjå berre på Kosovo. Det er viktig for norske styrkar å være god på det. Her får soldatane moglegheit til å øve på teknikkar til å ta seg inn i hus, på å innta områder og sikra dei og på å ”ta terroristar”, seier major Magnar Reistadmo. Han er driftskoordinator i skytefelt og fortel at det er ikkje berre Telemark bataljon eller andre soldatar på Rena som skal nytta seg av landsbyen.
BETONG: Til saman er det tolv betonghus i SIBO-landsbyen
- På Terningmoen har dei ein liknande landsby, men den inneheld berre fire-fem hus. SIBO-landsbyen er den einaste i sitt slag i Noreg. Difor kjem det til å koma avdelingar frå Nord-Noreg til Rena for å trena taktisk. Dei kan øve ”heime” for så å kome ned og praktisere her. Den vil også verta nytta av Garden, Krigsskulen og Hærens jegerkommando, meddel Reistadmo.
Identiske og realistiske hus
Landsbyen består av 12 store betonghus. Planen var at det skulle vera rundt 50 hus. I tillegg til betonghus skulle det vera eit industriområde med kyrkje og butikkar. Der strakk ikkje pengane til. Berre dei 12 husa har til saman kosta 33 millionar kronar.
- Alle husa er identiske, med unntak av at nokre har kjellar og andre ikkje. Dei skal møblerast med sofa, stolar og bord for å gjera dei mest mogleg realistiske. Då kan soldatane kjenne seg igjen i ein leilegheit. I tillegg har dei vaskekjellar slik at dei liknar ein leilegheit i eit burettslag, forklarar byggeleiar Ståle Tupsjøen.
INSTRUKSAR: Kaptein Espen Evensen skal saman med major Magnar Reistadmo skriva instruksane.
To spesialhus
Det er to hus som skil seg ut frå dei andre. Det er spesialhusa. Instruktør i SIBO kaptein Espen Evensen fortel kva som gjer dei så spesielle.
- Det eine er eit søke-hus. Det er bygd som ein einebustad kor soldatar kan leite etter eksplosiver, våpen eller andre uynskja gjenstandar. Der er det også moglegheit for å nytta hundar. Det andre er eit hus kor dei kan sprenge små ladningar. I det huset er det mogleg å flytte på veggane for å skape eit nytt scenario kvar gong. Nokre veggar er lagd så breie at ein kan køyre med stridsvogn i dei.
- I tillegg er det eit kloakksystem i landsbyen kor det også går an å ta seg fram. Dette er med på å gjere det meir realistisk, samt at det er viktig å koma seg fram andre vegar og tenkje alternative løysingar, seier Evensen.
Klar til bruk 1. november
Evensen er saman med Reistadmo med på å skriva instruksane. Dei skal være klare og godkjende for å kunne ta i bruk SIBO-landsbyen den 1. november.
FERDIG KONTRAKT: Major Kjell Karlsen (t.v) leier ut SIBO-landsbyen til Ole Petter Gundersen som representerar brukarane.
- Sjølv om det manglar små detaljer som gatenamn og møblar, så skal vi nok klare det til fristen vi har sett. Landsbyen er allereie booka fram til sommaren, mest til hausten 2005, så det må gå, fortel ein optimistisk Reistadmo.
Fakta om SIBO-landsbyen:
- skal trene soldatar på strid i bebygd område
- vart påbegynt 2. september 2002
- 12 betonghus, av dei to spesialhus
- kostet 33 mill.
- 4666 kvadratmeter betong
- opnas for bruk 1. november
|

|