Som far til barnet skal skal reknast den mannen som mora er gift med ved fødselen.
Som medmor til barnet skal reknast den kvinna som mora er gift med ved fødselen når barnet er avla ved assistert befruktning innafor godkjent helsestell og med kvinna sitt samtykke til befruktninga. Ved assistert befruktning innafor godkjent helsestell i utlandet må identiteten til sædgiver vere kjent.
Var ektefellene ved fødselen separerte ved løyve eller dom, gjeld ikkje første og andre ledd.
Er mora enkje, skal ektefellen reknast som far eller medmor dersom mora kan ha blitt med barn før ektefellen døydde.
Når farskap ikkje følgjer av reglane i § 3, kan faren vedgå farskap under svangerskapet eller etter at barnet er født.
Faren skal vedgå farskapen skriftleg anten i fødselsmeldinga eller ved personleg frammøte for
Dersom sambuarar er folkeregistrerte på same adresse eller erklærer i melding til folkeregistermyndigheita at dei bur saman, kan sambuaren til mora vedgå farskapen etter paragrafen her, utan at mora medverkar etter andre stykket andre punktum. Mora skal få melding om vedgåinga. Dersom partane er usamde om farskapen, skal det offentlege fastsetje farskapen, jf. § 5. Departementet kan gje nærare reglar i forskrift.
Vedgåing kan dessutan gjevast ved påteikning på farskapsførelegg.
Er den som vil vedgå farskapen under 18 år, må også dei som har foreldreansvaret for han, skrive under vedgåinga.
Er eit barn fødd etter assistert befruktning, kan moras kvinnelege sambuar vedgå medmorskap etter reglane i paragrafen her. Den assisterte befruktninga må ha skjedd innafor godkjent helsestell, og moras kvinnelege sambuar må ha gjeve samtykke til befruktninga. Berre myndige personar kan gi slikt samtykke. Regelen i § 3 andre ledd andre punktum gjeld tilsvarande.
Som medmor til barnet skal reknast moras kvinnelige ektefelle eller sambuar, dersom medmorskapen følgjer av ekteskap, vedgåing eller dom.
Eit barn kan ikkje ha både ein far og ei medmor.
Reglar i lov eller forskrift som gjeld om eller for ein far, gjeld på same vis om eller for ei medmor.
Departementet kan ved forskrift gje utfyllande reglar om fastsetjing av medmorskap etter §§ 3 og 4 i denne lova.
Barnet, kvar av foreldra og tredjemann som meiner han er far til eit barn som allereie har ein far, kan alltid reise sak for domstolane om farskap etter ekteskap eller vedgåing. Er barnet umyndig, vert saka reist av oppnemnd verje. Er barnet fylt 15 år, kan verja ikkje reise sak utan samtykke frå barnet. Når særlege grunnar taler for det, kan Arbeids- og velferdsdirektoratet reise saka.
Farskap i samsvar med § 3 eller § 4 kan endrast ved at ein annan mann vedgår farskapen i samsvar med § 4, når vedgåinga er godteken skriftleg av mora og den som har vore rekna for far. Slik vedgåing gjeld likevel berre når Arbeids- og velferdsdirektoratet finn det truleg at den andre mannen er far til barnet.
Dersom ein mann blir utpeikt som far etter DNA-analyse, skal dom seiast for at han er faren. Dersom det ikkje ligg føre DNA-analyse, eller det er grunn til å tru at det heftar feil ved DNA-analysen, eller dersom nærståande slektningar også framstår som mogelege fedre, gjeld reglane i andre og tredje stykket.
Har ein mann hatt samlege med mora på den tid ho kan ha blitt med barnet, skal dom seiast for at han er faren, dersom det ikkje er lite truleg at han er far til barnet.
Har mora hatt samlege med fleire menn i den tida ho kan ha blitt med barnet, skal dom for farskap likevel berre seiast når det er monaleg meir truleg at ein av dei er faren enn nokon av dei andre.
Er det utført assistert befruktning på mora, og ektemann eller sambuar har gitt sitt samtykke til dette, skal det seiast dom for at han er faren, dersom det ikkje er lite truleg at barnet er avla ved assistert befruktning.
Sædgiveren kan ikkje dømast til far. Dette gjeld likevel ikkje dersom assistert befruktning er gjort med sæd frå ektemann eller sambuar.