Avgjerder om foreldreansvar, om kvar barnet skal bu fast og om samvær, og handsaminga av slike saker, skal først og fremst rette seg etter det som er best for barnet.
Ved avgjerda skal det takast omsyn til at barnet ikkje må bli utsett for vald eller på anna vis bli handsama slik at den fysiske eller psykiske helsa vert utsett for skade eller fare.
Den som meklar etter § 51 og § 61 første stykket nr. 2 har teieplikt om det som kjem fram om personlege forhold i samband med oppdraget. Lov 19. juni 1997 nr. 62 om familievernkontorer §§ 6, 7, 9 og 10 gjeld tilsvarande.
Den som gjer teneste etter § 61 første stykket nr. 1, 3, 4 eller 7 har teieplikt om det som kjem fram om personlege forhold i samband med oppdraget. Han kan utan hinder av teieplikta gje oppdragsgjevar dei opplysningar han har fått i samband med oppdraget. Lov 19. juni 1997 nr. 62 om familievernkontorer §§ 6, 7, 9 og 10 gjeld tilsvarande.
Den som gjer tjeneste etter § 61 første stykket nr. 5 har teieplikt om det som kjem fram om personlege forhold i samband med oppdraget. Retten kan oppheve teieplikta etter krav frå advokaten eller representanten.
Foreldre med felles barn under 16 år må møte til mekling før det vert reist sak om foreldreansvar, kvar barnet skal bu fast eller om samvær.
Gifte foreldre med felles barn under 16 år må for å få separasjonsløyve eller skilsmisseløyve etter ekteskapslova §§ 20 og 22, ha møtt til mekling på familievernkontor eller hos annan godkjend meklar jf. ekteskapslova § 26.
Sambuarar med felles barn under 16 år skal ved samlivsbrot møte til mekling.
Departementet kan gje forskrifter om mekling, også om unntak frå møteplikta i særlege høve.
Føremålet med meklinga er å få foreldra til å kome fram til ei skriftleg avtale om foreldreansvaret, om kvar barnet skal bu fast og om samvær. Partane bør gjerast kjende med dei viktigaste økonomiske konsekvensane som avtala fører med seg.
Foreldra skal møte personleg og samstundes til mekling. Den som meklar kan likevel avgjere at dei skal møte kvar for seg dersom det er tenleg. Meklaren kan i særlege høve gje løyve til at ein eller begge partar møter saman med ein fullmektig.
Det skal skrivast ut meklingsattest når partane har møtt til ein times mekling hos ein meklar. Dersom foreldra ikkje er samde, skal dei verte oppfordra til å mekle i inntil tre timar. Dei kan få tilbod om mekling i ytterlegare tre timar dersom meklaren finn at dette kan føre til at partane kan kome fram til ein avtale. Meklingsattesten er gyldig i seks månader.
Når begge foreldra ber om det, kan fylkesmannen fastsetje at ei skriftleg avtale om foreldreansvar, bustad og samvær skal kunne tvangsfullførast etter reglane i § 65. Vilkåret er at avtala først og fremst rettar seg etter det som er best for barnet. Trengst det, bør sakkunnige, barneverntenesta eller sosialtenesta uttale seg før fylkesmannen avgjer spørsmålet.
Eit vilkår for å bringe ei sak inn for fylkesmannen etter første stykket er at foreldra kan leggje fram gyldig meklingsattest.
Saka må bringast inn for den fylkesmannen der barnet har alminneleg verneting på den tida saka vert reist.
Er foreldra usamde om kven som skal ha foreldreansvaret, om kvar barnet skal bu fast eller om samværet, kan kvar av dei reise sak for retten. Andre enn foreldra kan reise sak når vilkåra etter §§ 45 eller 63 er oppfylde.
Eit vilkår for å reise sak etter første stykket er at foreldra kan leggje fram gyldig meklingsattest.
Sak etter § 56 må reisast for den domstolen der barnet har alminneleg verneting på den tida saka vert reist. Dersom saka gjeld søsken med ulikt alminneleg verneting, kan felles sak for barna reisast der eitt av barna har alminneleg verneting. Dersom barnet bur på sperra adresse, jf. lov 16. januar 1970 nr. 1 om folkeregistrering med forskrifter, eller det er søkt om eller gjeve løyve til å nytte fiktive personopplysningar for barnet, jf. lov 4. august 1995 nr. 53 om politiet § 14 a, kan saka reisast for Oslo tingrett.
Stemnemålet skal innehalde namn og adresse til foreldra og barna, og skal vise om usemja gjeld foreldreansvaret, kvar barnet skal bu fast eller samværet, og gje ei kort utgreiing om grunnlaget for usemja og saksøkjarens påstand. Meklingsattest skal leggjast ved. Stemnemålet kan setjast fram på godkjent skjema.
Retten skal forkynne stemnemålet for saksøkte. Tilsvaret skal gjere greie for kva for tvistepunkt det er usemje om, og gje ei kort utgreiing om korleis saksøkte ser på saka. I tillegg må tilsvaret innehalde den saksøktes påstand. Tilsvaret kan setjast fram på godkjent skjema.
Retten kan be om nærare utgreiing av saka frå partane dersom det trengst for å få saka godt nok opplyst.
Dommaren skal påskunde saka så mykje som mogeleg.
Dommaren skal på kvart trinn i saka vurdere om det er mogeleg å oppnå forlik mellom partane, og leggje tilhøva til rette for det.
Domstolloven og tvisteloven gjeld for retten si handsaming av saker etter kapitlet her, så langt ikkje anna følgjer av reglane her.
Retten kan etter krav frå ein part ta førebels avgjerd om kven av foreldra som skal ha foreldreansvaret, om kven barnet skal bu hos fast, og om samværsrett. Slik avgjerd kan gjelde for ei viss tid eller til saka er endeleg avgjord. Retten kan også ta førebels avgjerd før saka er reist, dersom særlege grunnar talar for det.
Retten kan samstundes forby den andre av foreldra å kome til den eigedommen eller det bustadhuset der barnet held til. Dersom det ikkje trengst avgjerd straks, skal retten så langt råd er gje den andre høve til å uttale seg.
Når avgjerd er teken før sak er reist, skal retten setje ein frist for å reise søksmål. Fristen kan forlengjast ved avgjerd av dommaren. Er det ikkje teke ut søksmål innan fristen, fell tekne avgjerder bort.
Avgjerdene vert tekne i orskurd. Det er ikkje nødvendig å halde munnleg forhandling på førehand.
Retten skal ta førebels avgjerd om foreldreansvaret i saker der ein av foreldra som har foreldreansvar, er sikta eller tiltala for forsettleg eller overlagt å ha valda at den andre er død. Det same gjeld dersom den attlevande i slike høve ikkje har foreldreansvar og krev å få det. Andre kan krevje å få foreldreansvaret. Retten kan avgjere at ingen skal ha foreldreansvaret. Den attlevande skal berre få foreldreansvaret dersom dette klart er til beste for barnet.
Reglane i § 63 andre stykke gjeld på same måte ved førebels avgjerd. Er det ikkje teke ut søksmål innan seks månader etter at siktinga eller tiltala er fråfallen eller dom i straffesaka er rettskraftig, skal tingretten ta ny avgjerd om foreldreansvaret etter reglane i § 63.
Avgjerdene vert tekne i orskurd. Det er ikkje nødvendig å halde munnleg forhandling på førehand.
Retten fastset tid for hovudforhandling straks eller etter at eitt eller fleire av tiltaka i nr. 1 til 7 nedanfor er gjennomført.
Staten ber kostnadene til dei tiltaka som er nemnde i første stykket nr. 1, 2, 4, 5 og 7. Sakkunnig som vert oppnemnd etter første stykket skal godtgjerast etter lov 21. juli 1916 nr. 2 om vidners og sakkyndiges godtgjørelse m.v. Dersom det skal oppnemnast ein advokat for barnet etter første stykket nr. 5, har barnet rett på fri sakførsel utan behovsprøving jf. rettshjelpsloven § 16 første ledd nr. 6. Departementet kan ved forskrift fastsetje reglar om godtgjering til andre som gjer teneste etter paragrafen her.
Rettens val av tiltak etter § 61 første stykket kan ikkje ankast. Unntak gjeld for avgjerd om å nekte å oppnemne sakkunnig etter § 61 første stykket nr. 3 og avgjerd om å nekte å innhente fråsegner som nemnd i § 61 første stykket nr. 6.
Når den som får foreldreansvaret etter § 38 første stykket, ikkje budde saman med barnet, eller den av foreldra som får foreldreansvaret etter § 38 andre stykket, ikkje hadde foreldreansvaret da den andre døydde, kan andre innan seks månader etter dødsfallet reise sak med krav om å få foreldreansvaret og om å få bu fast saman med barnet. Retten kan ta førebels avgjerd etter § 60.
Der den attlevande er sikta, tiltala eller dømd for forsettleg eller overlagt å ha valda at den andre er død, kan andre alltid reise sak med krav om å få foreldreansvaret innan seks månader etter at siktinga eller tiltala er fråfallen eller dom i straffesaka er rettskraftig. Dersom den attlevande krev foreldreansvaret, skal retten berre gå med på kravet når dette klart er til beste for barnet. Retten tek førebels avgjerd etter § 60 a.
Retten skal avgjere spørsmålet i orskurd, som kan ankast. Retten skal til vanleg kalle inn til munnleg forhandling før det vert teke avgjerd. Det skal leggjast vekt på om den attlevande av foreldra ønskjer foreldreansvaret. Ingen kan få foreldreansvaret utan å oppfylle vilkåra i fjerde stykket.
Der ingen lenger har foreldreansvaret for eit barn, jf. § 38 tredje stykket, skal dei som ønskjer foreldreansvaret, vende seg til tingretten der barnet bur. Kjem det berre eitt krav om å få foreldreansvaret, skal retten gå med på kravet, utan når det er fare for at barnet ikkje vil få forsvarleg stell og fostring, eller det vil lide skade på annan måte. Avslag på eit krav om foreldreansvaret skal gjerast i orskurd, og kan ankast.
Før retten avgjer saka, skal dei næraste slektningane til barnet eller dei som barnet bur saman med, ha høve til å uttale seg. Retten kan sjå bort frå uttaleretten etter dette stykket når særlege grunnar gjer uttale uturvande. Barnet skal høyrast etter § 31.
Retten kan la ein person få foreldreansvaret aleine eller la gifte eller sambuande få det saman. Får nokon annan enn attlevande far, mor eller medmor foreldreansvaret, skal retten også avgjere om faren, mora eller medmora framleis skal ha del i foreldreansvaret. Har foreldra skriftleg gjeve uttrykk for kven dei ønskjer skal ha foreldreansvaret etter at dei er døde, bør det leggjast vekt på det.
Retten kan setje som vilkår for avgjerda at barnet i ei viss tid ikkje skal kunne flyttast frå heimen der det bur, dersom flyttinga kan vere uheldig for barnet, og det ikkje er rimeleg grunn til å flytte.
Dersom ingen har meldt seg eller retten gjev avslag på alle krav om foreldreansvaret, skal retten melde frå til barneverntenesta. Barneverntenesta skal plassere barnet etter reglane i lov 17. juli 1992 nr. 100 om barneverntjenester § 4-14 og § 4-15 første stykket. §§ 4-16, 4-17, 4-18 første stykket og 4-20 gjeld tilsvarande.
Avgjerd etter paragrafen her kan innstemnast på ny for retten av den attlevande av foreldra og endrast dersom særlege grunnar talar for det. § 64 tredje stykket gjeld tilsvarande.
Foreldra kan gjere om avtale eller avgjerd om foreldreansvaret, om kven barnet skal bu hos fast og om samværsretten.
Vert foreldra ikkje samde, kan kvar av dei reise sak for retten, jf. § 56. Dom, rettsforlik og avtale med tvangskraft kan likevel berre endrast når særlege grunnar talar for det. Førebels avgjerd etter § 60 kan endrast på same vilkår av den domstolen som har hovudsaka. Førebels avgjerd etter § 60 a kan endrast på same vilkår av den domstolen som tok førebels avgjerd, og slik sak kan reisast av den attlevande eller andre.
Dersom det er openbert at det ikkje ligg føre slike særlege grunnar som nemnt i andre stykket, kan retten avgjere saka utan hovudforhandling.
Om tvangsfullføring av avgjerd om foreldreansvaret eller kven barnet skal bu saman med, gjeld tvangsfullbyrdelsesloven kap. 13. Namsmannen skal likevel krevje inn tvangsbota. Innkrevjing skal berre skje når den som har retten, ber om det. Vedtak av fylkesmannen eller departementet er særleg tvangsgrunnlag. Førebels avgjerd etter § 60 er tvangskraftig enda om avgjerda ikkje er rettskraftig.
Avgjerd om samværsrett kan tvangsfullførast ved tvangsbot etter tvangsfullbyrdelsesloven kap. 13. Tingretten kan fastsetje ei ståande tvangsbot som for ei viss tid skal gjelde for kvar gong samværsretten ikkje vert respektert. Vedtak av fylkesmannen eller departementet er særleg tvangsgrunnlag. Første stykket andre, tredje og femte punktum gjeld tilsvarande.