NHH logo
English version
Om NHH
NHH
Internasjonalt
Årsberetning
Strategi
Kvalitetssikring
Administrasjon
Administrativ og Teknisk Driftsavdeling
Avdeling for etter- og videreutdanning
Direktørens stab
Informasjonsavdelingen
Internasjonalt kontor
IT-avdelingen
Personal- og organisasjonsavdelingen
Studieadministrasjonen
Økonomiavdelingen
Historie
NHH Bulletin
Beredskapsplan
Presse
Om NHH - IT-avdelingen NHH-logo

Om NHH - IT-avdelingen

Flytting av adressebok frå WebMail til Outlook

Alle som har brukt adressebok-funksjonen i SquirrelMail (WebMail) etter 4. februar 2004 vil i løpt av kort tid motta ein epost med link til nedlasting av adresseboka. Den nedlasta fila kan brukast til å importera adresseboka inn i Outlook.

NB: Vent til den nye epost-serveren er tatt i bruk og fungerer før du importerer adresseboka!

Følgande prosedyre må følgast for eit nokonlunde vellykka resultat:

1) Dobbelklikk på den nedlasta fila. Denne vil normalt opnast ved hjelp av programmet Excel. (Viss ikkje; avbryt og ta kontakt med IT-koordinator eller brukerstøtten for studentar.)

2) Velg "Save" frå "File"-menyen i Excel. Trykk "Yes" på det spørmålet du får opp. Lukk/avslutt deretter Excel og svar "No" på det spørsmålet som kjem opp. (Grunnen til at du må gjera dette er at fila har feil type linjeskift, men det ordnar Excel for deg heilt "automatisk")

3) Start Outlook (dersom det ikkje alt er starta). Importen kan berre gjerast med Outlook-klienten og ikkje ved hjelp av Outlook Web Access (OWA). Dei importerte adressene vil derimot vera tilgjengelege også i OWA.

4) Velg "Import and Export..." frå "File"-menyen.

5) Velg "Import from another program or file" og trykk på "Next > "-knappen

6) Velg "Comma Separated Values (Windows)" og trykk på "Next > "-knappen

7) Trykk "Browse..."-knappen og finn fram til adressebok-fila som du lasta ned. Under "Options" kan du sjølv velga kva for ein av dei tre alternativa som er best for deg. Har du ei tom adressebok spelar det ingen rolle kva for eit av dei tre alternativa du vel. Trykk på "Next > "-knappen

8) Velg "Kontakter" som destination folder og trykk på "Next > "-knappen

9) Trykk "Finish" og kontaktane dine vil bli lagt til ein etter ein.

PS: Prosedyren er grundig testa, men det kan likevel ikkje garanterast at importen går heilt smertefritt. Spesielle teikn i namn o.a. kan skapa problem. Det vil også bli problem dersom namn eller kommentar inneheld komma.


Sist oppdatert: 2004-10-07. Kontakt om innhald: Heine Didriksen

Rein tekstversjon Skrivarvennleg versjon

-
Norges Handelshøyskole Equis-logoCEMS-logoPIM-logo
2006 © Norges Handelshøyskole, Tlf: 5595 9000
Adresse: NHH, Helleveien 30, 5045 Bergen [Kart][Kjøreruter]
Ansvarleg redaktør: Asle Haukaas
Webredaktør: Kristian T. Marthinsen
-
NSOEABA
-
Norges Handelshøyskole
2006 © Norges Handelshøyskole, Tlf: 5595 9000
Adresse: NHH, Helleveien 30, 5045 Bergen
Ansvarleg redaktør: Asle Haukaas
Webredaktør: Kristian T. Marthinsen
- NSOEABA