Rombooking
NHH sine rom kan nyttast til aktivitetar i regi av grupper knytt til NHHS. Auditoria er tilgjengelege for slike aktivitetar om det ikkje er undervisning eller anna fagleg aktivitet i dei. Det skal gjerast avtale før auditoria kan nyttast.
Retningslinjer for reservasjon av rom:
- Det vil ikkje verte flytta på planlagde aktivitetar for å gje plass til studentarrangement. Grunna undervisning er det sjeldan mogleg å få reservert heile dagar i undervisningssemesteret.
- Det er ikkje høve til å be forelesarar om å avlyse aktivitetar
- Romma er tilgjengelege måndag til fredag frå klokka 0815-2045 og laurdag frå klokka 0815-1600
- Reservasjonar må gjerast i god tid før arrangementet. I førespurnaden må du gje informasjon om følgjande:
- størrelse på rommet (forventa tal på deltakarar)
- dato og tid for arrangementet
- kontaktperson (telefon og e-post)
Førespurnaden sendast: inger.milde@nhh.no Du vil få svar så snart som råd, men seinast innan tre verkedagar.
Reglar for lån av rom
- Romma skal vere rydda og gjort klar for undervisning når gruppa forlet rommet
- Stolar og bord skal ikkje flyttast - stripsa som held borda saman skal ikkje øydeleggast
- Det er ikkje lov å servere mat i auditoria
Oversikt over rom og størrelse
| Namn | Tal på sitteplassar |
| Aud Max | 390 |
| Dag Coward | 312 |
| Aud C og Jan Mossin | 138 |
| Finn Kydland og Aud E | 106 |
| Aud 14 og aud 24 | 60 |
| Aud 11 og aud 21 | 32 |
| Aud 12, 13, 22 og 23 | 40 |
| Karl Borchs auditorium | 60 |
| M10 | 72 |
| M11 | 46 |
| M12 | 32 |
| M33 | 94 |
| M44 | 60 |
| M45 | 30 |
| M46 | 100 |
| BU12 (PC rom) | 23 |
| BU27 (PC rom) | 16 |
| MV409 (PC rom) | 28 |
| MV502 (PC rom) | 27 |
| M20 (PC rom) | 34 |
| M24 (PC rom) | 24 |
| M25 (PC rom) | 21 |
