NHH logo
English version

Lesesalar

Høgskolen sine lesesalar kan nyttas av NHH sine studentar til lesing og førebuing.

For at ditt lesesals opphald skal verta så triveleg som mogleg og at du får god nytte av opphaldet der, er det utarbeid bruksbetingelsar for lesesalane:

  • Stille lesesal – inga snakking eller bruk av mobiltelefon (lydlaus utan vibrering)
  • Ingen reservasjon – ingen har faste plassar utan særskild løyve – forlet du plassen i meir enn 1 time må du rydde tinga dine. Bøker kan stå i hylla på eiget ansvar.
  • Rydding - rydd etter deg - det er inga andre si oppgåve
  • Drikke med lokk - bruk kopp med lokk eller flaske med topp
  • Inga varm mat - et varmmaten din i kafeen

Tilsvarande bruksbetingelsar er utarbeidd for grupperomma, auditoria, biblioteket, PC rom, studentkafè med vidare.

Merk også følgjande:

  • Det er ikkje høve til å reservera faste plassar for anna enn studentar med funksjonshemming. Slike plassar reserverast ved å søkje til Studieadministrasjonen v/eksamenskontoret.
  • Husdyr har ikkje høve til å vera med på lesesalen – dei skal vere att heime på hybelen.
  • Det er tilgjengeleg nokre plassar på lesesalen i 5 etasje på Merino og i 3 etasje i Servicebygget til studentar som leverer barn i barnehage/skule og som ikkje har høve til å komma til skulen tidleg for å få plass på lesesalen. Plassane er reservert fram til klokka 10, etter dette er plassane tilgjengelege for alle om dei framleis er ledige. Studentar som har høve til å nytte desse plassane kan identifisera seg med eit kort som seier: ” Eg leverar barn i barnehage/skule”. Ta kontakt med Infosenteret for nærmare opplysningar om ordninga.

Følgjande lesesalar er tilgjengelege:

Bachelor:
Merino 5.etasje
Service 3.etasje

Master:
Merino 3.etasje
Service 2.etasje

MRR:
Merino mellometasjen
Merino 2.etasje øst

Felles:
Arbeidsplassar i biblioteket
Lesesal på Hatleberg

Merk HALERU-brukere: L?sningen er under oppdatering til ny DynamicWeb-versjon. Dere kan i l?pet av dagen merke at menyer forsvinner, "detter ned" eller at lenker ikke fungerer som de skal. Dette er under utbedring, og vil v?re i orden over helgen. Det er imidlertid trygt ? legge inn / endre artikler og lenker i mellomtiden.
Mvh Tobias N?ss