NHH logo
English version

Studentkort

Studentkort vert utstedt av NHH. Kortet tener som legitimasjon, blant anna ved eksamen og som lånekort i biblioteket. Kortet nyttast også i samband med utskrifter på høgskulens dataanlegg.

Semesterkort:
Studentkortet er berre gyldig samen med semesterkort som er utstedt av høgskulen for gjeldane semester. Ein får tilsendt semesterkort (til semesteradressa) når ein har betalt semesteravgifta og fullført semesterregistreringa.

Korleis får ein studentkort?
Nye studentar får utstedt studentkort etter at ein har fotografert seg. Denne fotograferinga skjer første veka ved studiestart. Studentkortet skal signerast ut i Infosenteret når det er klart.

Tap av kort
Mister du eller blir fråstålet studentkortet ditt, må du betale eit gebyr på kr 150,- for nytt kort.
 Frå 1.april 2008 må du betale kr 300 om du har mistet kortet ditt mer enn to gånger.  Du må tinge nytt studentkort i Infosenteret og det tar normalt 2 dagar til kortet er klart for henting. Ein betalar kr 150 ved tinging av kortet. Om du mister eller blir fråstålet kortet ditt, meld i frå til Infosenteret i opningstidene (09.00-11.00 og 12.00-14.30) og elles til vakttelefon tlf: 55 95 99 99.

Studentar som tidligare har mista kort og som finn det att - må betala kr 100 for å få aktivert eit gamalt kort igjen.

Øydelagt kort /gamalt kort
Dersom kortet ditt er øydelagt eller gamalt, kan du tinga nytt i Infosenteret. Ein må då levere inn det gamle kortet og det tar normalt 2 dagar til nytt kort er klart for henting.

Påfylling av studentkort
Ein fyller pengar på studentkortet hos Brukarstøtta via følgende side: expresspay.nhh.no 

Utvida tilgong på kortet
Ein kan søkja om utvida tilgong til parkering på studentkortet. Då må ein søkja direkte til Studieadministrasjonen med søknadsskjema som ein finn her: http://www.nhh.no/studentar/studieinfo/skjemaer.htm

 

Merk HALERU-brukere: L?sningen er under oppdatering til ny DynamicWeb-versjon. Dere kan i l?pet av dagen merke at menyer forsvinner, "detter ned" eller at lenker ikke fungerer som de skal. Dette er under utbedring, og vil v?re i orden over helgen. Det er imidlertid trygt ? legge inn / endre artikler og lenker i mellomtiden.
Mvh Tobias N?ss