Lønner det seg å vere fysisk aktiv?

Gjennomsnittsnordmannen blir tyngre og tyngre. Men forklaringen ser ikkje ut til å vere at me får i oss fleire kaloriar enn før, men at me beveger oss for lite, skriv NIH-stipendiat Geir Kåre Resaland i ein kronikk.

Fysisk inaktivitet er i ferd med å bli framtidas største helseproblem og meir enn to millionar dødsfall per år kan tilskrivast mangel på fysisk aktivitet, i følgje Verdens Helseorganisasjon.
 
- Tradisjonelt har me nordmenn oppfatta oss som eit aktivt folkeslag, no er det grunn til å tro at dette er I endring. Det er framleis mange som er aktive, men det er óg slik at mange no "sit seg" til dårleg helse og eit kortare liv, skriver Geir Kåre Resaland som er tilsett ved Høgskulen i Sogn og Fjordane.
 
Kronikken vart skrevet i samband med Forskningsdagene 2006 og publisert i Sogn Avis og Firda. Du kan lese heile kronikken på sportsanalyse.com.
 
Ny kvardag
Forskning viser at det er klare prov på at me beveger oss mindre i kvardagen enn tidlegare generasjonar. Arbeidslivet stiller mindre krav til fysisk aktivitet enn tidlegare og jobben er en stad for inaktivitet for mange.
 
Resaland skriver at samfunnet blir overrent av arbeidssparende tilbod som skal gjere kvardagen vår lettare, men som samstundes gir oss ein mer passiv livsstil. Spesielt ungdommar og deira fritisaktivitetar har endra seg. Ein nyare rapport viser at norske 15 år gamle gutar har auka tida til pc-bruk frå 1,4 timar i 1989 til 17 timar kvar veke i 2001.
 
- På mange måtar er det samfunnsutviklinga sin passiviserande effekt, og ikkje "auka latskap", som er den sentrale årsaka til den uheldige auken i inaktivitet, skriver Resaland.
 
Han meiner det er viktig at politikarar og andre bidreg til å legge til rette for at fleire kan vere fysisk aktive, spesielt barn og unge.
 
Enkle tiltak
Men kor aktiv må ein vere for å oppnå helsegevinst?
 
- Faktisk er det slik at 30 minutt med rask gang kvar dag gir ein betydeleg helsegevinst. Dette, i kombinasjon med sunt kosthald, kan halvere førekomsten av hjarte - og karsjukdommar, skriver Resaland som avsluttar med tre forslag til korleis du kan bli meir fysisk aktiv:
 
1. Start i det små og gjer det enkelt. Det å gå ein tur i dag er ein flott start. Gå gjerne samman med vener eller familie.
 
2. Gjer ei vurdering av kvardagen din, og tenk på korleis du kan vere aktiv i staden for passiv. Til dømes kan du la bilen i stå så mykje som mogleg og heller gå eller sykle til jobben eller til skulen.
 
3. Finn ein aktivitet som du tykkjer er artig.



Norges idrettshøgskole | Sognsveien 220 | Telefon: +47 23 26 20 00 | Fax: 22 23 42 20 | E-post: postmottak@nih.no | webmaster@nih.no