Filosofiske perspektiv på rørsler i idrett

Fredag 1. juni 2007 vil Vegard Fusche Moe forsvara avhandlinga si “Understanding intentional movement in sport: A philosophical inquiry into skilled motor behavior” for graden Doctor Scientiarum ved Noregs idrettshøgskole, Seksjon for kultur og samfunn.
 

Publisert: 17.05.2007

Bilde av tennisspiller
 
Vegard Fusche Moe (f. 14.07.73) er frå Øvre Årdal i Sogn. Han er cand. mag. og cand. scient. frå Noregs idrettshøgskole med ei trenarutdanning i fotball og mellomfagsemne i idrett, kultur, samfunn i fagkrinsen. Professor Gunnar Breivik (NIH) har vore rettleiaren hans.
 
Intensjonale rørsler
Hovudspørsmålet til doktorgradsarbeidet er: Kva utgjer dei vesentlege karakteristikkane til intensjonale rørsler i idrett, og korleis kan me forstå desse frå eit idrettsfilosofisk perspektiv?
 
Omgrepet intensjonalitet handlar om mennesket sitt høve til omverda. Arbeidet baserer seg på ei filosofisk forståing av intensjonalitetsomgrepet, og bruker denne for å kasta lys over rørsler som vert utførte på ulike ferdigheitsnivå.
 
Arbeidet inneheld fire artiklar
Den første artikkelen ser på skilnader mellom utøvarar som er tidleg og seint i læringsprosessen. Artikkelen argumenterer for at utøvarar tidleg i læringsprosessen brukar stor grad av kognitiv intensjonalitet; ei bevisst tilnærming, mens utøvarar seint i læringsprosessen brukar ein motorisk intensjonalitet der ein handlar direkte i høve til omgjevnaden, utan bruk av mentale bilete.
 
Den andre artikkelen tek eit oppgjer med ei tradisjonell kognitivistisk forståing av rørsler i idrett. Artikkelen hevdar at idrettsutøvaren ikkje prosesserar informasjon som ei datamaskin og heller ikkje utfører rørsler som er styrte av motoriske program i hjernen. Mennesket kan ikkje forståast på modellen til ei datamaskin, og artikkelen hevdar at ei fenomenologisk forståing av kropp og rørsle er eit betre alternativ.
 
Den tredje artikkelen diskuterer korleis intensjonaliteten til ein utøvar endrar seg i læringsprosessen frå nybegynnar til ekspert. Artikkelen skildrar to modellar; ein kognitiv og ein fenomenologisk, og argumenterar for at den fenomenologiske modellen til brørne Dreyfus har eit godt grep om problemet.
 
Den fjerde artikkelen diskuterer dei såkalla underliggjande bakgrunnsvilkåra for rørsler i idrett. For at utøvaren skal utføre målretta rørsler og handlingar, er føresetnaden ei omfattande forståing av bakgrunn og kontekst. Artikkelen prøver å forklare rollene til bakgrunnsføresetnadene slik dei er utvikla i bevisstheitsfilosofien til John Searle.

Bedømmingskomité:
Professor Matti Goksøyr, Norges idrettshøgskole
Professor Dagfinn Føllesdal, Universitetet i Oslo, Stanford University
Professor Scott Kretchmar, Pennsylvania State University
 
Program:
Kl. 10.15 – 11.00  Prøveforelesing: ”Cognitive and Motor-Intentional Characteristics of Skilled Behavior”
Kl. 13.00 – 16.00  Disputas



Norges idrettshøgskole | Sognsveien 220 | Telefon: +47 23 26 20 00 | Fax: 22 23 42 20 | E-post: postmottak@nih.no | webmaster@nih.no