Kunnskap om mennesket i bevegelse (PhD)
Involverte ansatteVegard Fusche Moe
BeskrivelseProsjektet er eit idrettsfilosofisk arbeid innanfor epistemologi og bevisstheitsfilosofi. Hovudspørsmålet til prosjektet er: Korleis kan me forstå og forklara komplekse bevegelsar innan idrett?
Prosjektet baserer seg på at det finst ein del uavklara problem i høve til dei subjektive erfaringskvalitetane ein utøvar har ved å vera i bevegelse, og kunnskapen ein trenar har om bevegelseserfaringane til utøvaren. For å ta bevegelsesproblema på alvor, vert det argumentert for at me treng både perspektivet til utøvaren og trenaren, noko som har gjeve opphav til å studera bevegelse gjennom eit subjektivt og internt perspektiv, og eit objektivt og eksternt perspektiv.
Arbeidet er inndelt i fire delprosjekt:
- I delprosjekt 1 etablerer me eit filosofisk og heilskapleg oversyn kring dei kunnskapsformene som er relevante for å studera mennesket i bevegelse innan idrettskonteksten. Det subjektive og objektive perspektivet står her sentralt.
- I delprosjekt 2 reindyrkar me det subjektive perspektivet ved at me søkjer ei djupare forståing av korleis ein utøvar (ståstaden til ein førsteperson) erfarer det å vera i bevegelse gjennom den kinestetiske sansen.
- I delprosjekt 3 reindyrkar me det objektive perspektivet ved å studera ferdigheiter gjennom ståstaden til ein tredjeperson i form av ein trenar.
- Til slutt, i delprosjekt 4, vonar me å koma fram til dei formene for kunnskapsteori som er best egna til å forstå og forklara dei komplekse bevegelsane som idretten er full av.