Adapted physical education in rehabilitation - Øyvind F. Standal
Involverte ansatte Prosjektstatus2005-2008
Datainnsamling og analyse/manusskriving
Beskrivelse”ADAPTED PHYSICAL EDUCATION & REHABILITATION
Landscapes and bodyscapes of learning”
Bakgrunn
Prosjektet spring ut frå eigne erfaringar med tilpassa fysisk aktivitet, brukt i rehabilitering for menneske med fysiske funksjonshemmingar. Eg har blitt interessert i korleis folk som deltek i rehabilitering lærer av kvarandre, korleis dei kan vere (og er) ressursar for kvarandre si læring og kva det å lære fysiske aktivitetar har å seie for den levde erfaringa av funksjonshemming.
Mål
- Skildre og forstå læringslandskapet som eit praksisfellesskap i rehabilitering konstituerer.
- Skildre og forstå den levde erfaringa i læringa av tilpassa fysiske aktivitetar for menneske med funksjonshemmingar.
Teori
Til å forstå dette vil teoriar om ikkje-skolastisk læring (t.d. Lave & Wenger, 1991; Wenger, 1998; Nielsen & Kvale, 1999; 2003) brukast. Særleg er omgrepa praksisfellesskap og læ-ringslandskap nyttige. Vidare blir det eit sentralt tema å undersøkje læring av tilpassa fysiske aktivitetar i eit ”education”-perspektiv (dvs. både som utdanning og danning). Fenomenologien i læring i tilpassa fysiske aktivitetar – og kroppen si rolle i denne læringa – blir forsøkt forstått gjennom filosofien til bl.a. Merleau-Ponty (1962), Gallagher (1992; 2005) og Svenaeus (2005) .
Metodar
Dette er eit fenomenologisk inspirert arbeid, så datagenereringa skjer gjennom kvalitative intervju og deltakande observasjonar i ulike kontekstar.
Finansiering og samarbeid
Prosjektet er finansiert gjennom eit stipend frå Stiftelsen Helse og Rehabilitering (
www.helseogrehab.no) og gjennomførast i samarbeid med Beitostølen helsesportsenter (
www.bhss.no).
Referansar
Gallagher, S. (1992): Hermeneutics and Education. SUNY press, New York
Gallagher, S. (2005): How the Body Shapes the Mind.
Lave J. & Wenger, E. (1991): Situated learning: Legitimate peripheral participation. Cam-bridge University Press, Cambridge.
Merleau-Ponty, M. (1962): Phenomenology of Perception. Routledge, London
Nielsen K. & Kvale S. (1999): Mesterlære. Læring som sosial praksis. Ad Notam Gyldendal, Oslo.
Nielsen K. & Kvale, S. (2003): Praktikens læringslandskap. Akademisk forlag, København
Svenaeus, F. (2005): The hermeneutics of medicine and the phenomenology of health : steps towards a philosophy of medical practice. Kluwer, Dordrecht.
Wenger, E. (1998): Communities of Practice. Learning, Meaning and Identity. Cambridge University Press, Cambridge.