Akkrediterte institusjonar Ein akkreditert institusjon kan sjølv opprette studietilbod som ligg innafor ramma av fullmakta, utan å måtte søkje NOKUT om akkreditering.
I Noreg har vi tre hovudkategoriar av institusjonar som er akkrediterte for høgre utdanning:
Universitet Har rett til å opprette studietilbod på alle nivå.
Vitskaplege høgskolar Har rett til å opprette studietilbod på alle nivå innafor fagretninga til høgskolen.
Akkrediterte høgskolar Har rett til å opprette studietilbod til og med bachelornivå. Dersom ein akkreditert høgskole ønskjer å opprette studietilbod over dette nivået, må han søkje om akkreditering frå NOKUT.