Sitemap Print Kontakt oss/Contact us In Englishspacer
spacer
Universitet og høgskole Utenlandsk utdanning Fagskole Om NOKUT
spacer
graphic
Du er her: Nokut.no » Universitet og høgskole » Evaluering for å bedømme kvalitet
Evalueringar for å bedømme kvaliteten i norsk høgre utdanning
I tillegg til akkrediteringar og evalueringar av institusjonanes kvalitetssikring av utdanningsverksemda, har NOKUT som mandatfesta oppgåve å gjere andre typar evalueringar som kan kaste lys over kvaliteten på utvalde område.

Kva slags evalueringar er dette?
Det kan vere ulike grunngjevingar for kva område som vert valde ut til slike evalueringar, men desse bør omfatte eit større felt innan sektoren, det vil seie at dei ikkje skal vere avgrensa til eitt einskild studietilbod. Det kan dreie seg om tema eller sider ved høgre utdanning som blir handsama på tvers av ulike institusjonar eller fagtilbod, eller om program som finst ved fleire institusjonar.

Departementet har etter lova rett til å be NOKUT om å setje i verk slike evalueringar. Ved dei to evalueringane som er sette i gang innan denne kategorien så langt, har oppdraget kome frå departementet. Dei to evalueringane har begge vore av eit slikt omfang at ein ikkje har hatt kapasitet til å setje i gang andre prosjekt.

Evaluering av allmennlærar-  og ingeniørutdanning
I perioden 1. januar 2005 til 27. september 2006 gjennomførde NOKUT ei evaluering av alle allmennlærarutdanningsprogram i Noreg. Tilsvarande oppdrag blei gitt i 2006, då om evaluering av dei treårige ingeniørutdanningane som følgjer rammeplanen. Denne evalueringa starta opp 1. februar 2007 og skal vere avslutta i juni 2008.

Mål og metode for evalueringane
Måla og metoden for evalueringar som skal bedømme kvalitet vil variere med oppgåva, men felles for prosjekta er at dei alltid skal gjennomførast på ein måte som gjer at institusjonane har nytte av dei. Det skal kome tydeleg fram at slike evalueringar skil seg frå evalueringar med akkrediterings- eller godkjenningsformål.

Resultata frå evalueringane blir publiserte som offentlege rapportar og gjort kjende på andre måtar, slik at interessentar som kan ha nytte av nyvunnen kunnskap blir merksame på dei.

spacer



Relatert informasjon

I gang no:
Evaluering av ingeniørutdanning

Avslutta:
Evaluering av allmennlærarutdanning

spacer
spacer
© NOKUT 2001 - 2007.