Prosedyre for evaluering av kvalitetssikringssystem
NOKUT har fått i oppdrag å jamleg evaluere system for kvalitetssikring av utdanninga ved universitet og høgskolar. Det skal ikkje gå meir enn seks år mellom kvar evaluering.
Om ein utdanningsinstitusjon som søkjer om akkreditering ikkje har fått kvalitetssikringssystemet sitt godkjend, er ein slik evaluering første ledd i prosessen når søknaden blir handsama. Slike evalueringar følgjer med nokre unntak den prosedyren som er skissert nedanfor.
Sakkunnig komité
Evalueringa blir utført av ein sakkunnig komité som er nemnt opp av NOKUT. Institusjonen skal uttale seg om forslaget til komité. Den sakkunnige komiteen skal vurdere om institusjonen fyller dei krava til interne system for kvalitetssikring som er gitt i § 4 i forskrifta frå departementet og evalueringskriteria som blei fastsette av NOKUT 5. mai 2003 med heimel i den nemnde forskrifta. Vurderinga frå komiteen byggjer på den dokumentasjonen av kvalitetssikring og kvalitetsarbeid som institusjonen legg fram, og på dei røynslene komiteen gjer under besøk ved institusjonen. Tidspunktet for institusjonsbesøket blir avtalt rundt eit halvt år i førevegen.
Dokumentasjonskrav
Institusjonen skal sende NOKUT dokumentasjon på kvalitetssikringssystemet sitt i seks eksemplar seinast to månader før besøket. I utgangspunktet ventar ein:
Ein kort presentasjon av institusjonen med organisasjonskart
Dei mest sentrale plan- og styringsdokumenta for institusjonen
Ein detaljert oversikt over kvalitetssikringssystemet til institusjonen, med informasjonsliner og myndigheits-, ansvars- og rollefordeling
Årsrapportar om kvalitetsarbeidet og utdanningskvaliteten ved institusjonen
Ein presentasjon av viktige nøkkeltal om verksemda ved institusjonen dei siste tre åra. Ein forventar at utvalet av nøkkeltal er sentrale for institusjonen når det gjeld planlegging, ressursfordeling og annan resultatoppfølging. Utvalet av nøkkeltal må difor kunne grunngjevast og drøftast.
Under institusjonsbesøket må institusjonen kunne gjere tilgjengeleg for komiteen dokumentasjon på kvalitetssikring av dei einskilde studietilboda som institusjonen gjev.
Institusjonsbesøket
Institusjonsbesøket varar frå to til fem dagar. Komiteen skal ha kontakt med representantar for leiinga, det faglege og administrative personalet og studentane. Andre grupper eller enkeltpersonar kan òg vere aktuelle intervjuobjekt. Komiteen vil normalt gjerne ha ei omvising på studiestaden. Institusjonen vil bli konsultert om programmet for besøket.
Rapport frå evalueringa
Komiteen skal nedfelle vurderingane og konklusjonane sine i ein skriftleg rapport. Rapporten skal gje ein eintydig og underbygd konklusjon om systemet for kvalitetssikring ved institusjonen er tilfredsstillande. Komiteen skal òg gje råd om det vidare kvalitetsarbeidet ved institusjonen. Komiteen skal kvalitetssikre dei faktiske opplysingane i rapporten før han blir gjort ferdig, noko som inneber at institusjonen får rapporten til gjennomsyn for korrigering av feil og manglar.
Komiteen arbeidar på oppdrag frå NOKUT og leverer rapporten sin til NOKUT. Institusjonen vil få tilsend rapporten til fråsegn med ein frist på minst seks veker.
Vedtak På grunnlag av rapporten og fråsegna frå institusjonen vil styret i NOKUT fatte vedtak om kvalitetssikringssystemet ved institusjonen kan godkjennast.